Saman tek vi vare på ressursane

Tek du oss med rundt juletreet?

19. desember 2019 av Andrea Øien Sæverud

Om kjeldesorteringa får vere med på julekvelden, gjer du det lettare for deg sjølv i etterkant.

Eit berg av pakkar fører til ein haug av emballasje. Vi nordmenn vil i år skape 62.000 tonn med emballasje, dersom vi brukar like mykje pengar på julegåver som tidlegare år, ifølgje Grønt Punkt. Det vil seie tonnevis med mellom anna plastemballasje og pappøskjer, der kvar og ein av oss er med på å bestemme lagnaden til materiala vidare.

julegåve2

Kastar du alt i ein restavfallssekk, går det til forbrenning. Sorterer du ut det som kan gjenvinnast, bidreg du til at materiala får vere i omløp lenger - og du er med på å spare naturressursar. 

Ta derfor med kjeldesorteringa også rundt juletreet. Gjerne lag deg eit lite system i stova eller der pakkane blir opna. På den måten unngår du å få for lite plass i restavfallsdunken og du gir nytt liv til det som kan resirkulerast.

 

Slik skal du kaste typisk gåveinnpakning:

  • Bobleplast og anna plastemballasje kan du kaste i plastemballasjesekken. Eller kanskje du kan ta vare på bobleplasten og bruke den om igjen neste år?
  • Papir av god kvalitet, fine gåveøskjer og stoffband er kjekke å ha liggande til gjenbruk. 
  • Pappøskjer, kartong og vanleg papir høyrer heime i den blå dunken din. Er øskjene for store for dunken din, kan du sette dei ved sida av. Dei må ikkje vere våte når vi kjem og hentar dei, då det kan skape problem i den vidare gjenvinningsprosessen. Hugs at du som privatperson alltid kan levere uavgrensa mengder papp og plastemballsjesekkar på miljøstasjonen gratis/inkludert i gebyret.
  • Små mengder isopor kan du kaste i restavfallet, større mengder rein isopor leverer du kostnadsfritt på miljøstasjonen.
  • Gåveband set seg fast i mekanikken på sorteringsanlegget for plastemballasje. Kast derfor slike band i restavfallet.
  • Rosettar/pyntestjerner høyrer heime i restavfallet.
  • Gåvepapir har i mange år vore eit problem for avfallsbransjen, fordi det ofte inneheld store mengder leire og fargestoff – og veldig lite papirfiber. Julepapir skal derfor ikkje sorterast som papp/papir, men høyrer heime i restavfallet. Og du, om du heller hiv det i peisen, er du med på å auke risikoen for pipebrann og du forureinar nabolaget ditt. Når slikt papir går opp i flammar, gir det mykje oske, liten varmeeffekt og miljøgifter i papiret kan bli spreidd med røyken.
  • Har du derimot fått ei gåve innpakka i gråpapir, kan du sortere dette ut, kaste det i den blå dunken, og dermed blir det gjenvunne. Til skilnad frå vanleg julepapir inneheld gråpapir nok papirfiber til at det kan brukast om igjen.
  • Pakkelappar i papir og papp kan du kaste i den blå dunken. 

Tusen takk for innsatsen - og kos deg på julekvelden!

PS: Hugs at enkelte av innbyggjarane våre får endra hentedag i samband med jul og nyttår, sjekk her om du er ein av dei!