Saman tek vi vare på ressursane

Nye retningslinjer for bruk av "svartesekken"

apr 12, 2018, 11:42 by Linn Urke Osnes

SSR har i det siste opplevd uheldige og farlege episodar som har ført til at selskapet må gjere noko med «svartesekken».

Fyrverkeri som har teke fyr og forårsaka hendingar som kunne ført til alvorlege skader på både folk og materiell, er den viktigaste grunnen til at SSR ønskjer «svartesekken» vekk. Vi ser også at avfall levert i svarte/utransparente sekkar, er dårleg sortert og ofte ei blanding av matavfall, elektrisk avfall, farleg avfall og anna.

Frå måndag 16. april 2018 blei det derfor innført nye retningslinjer. Vi oppmodar kundane til å sortere avfallet så godt som mogleg og nytte transparente sekkar ved levering på miljøstasjonen.

Sjå opningstidene til miljøstasjonane her.

Om ein kjem med avfall i svarte eller andre ikkje-transparente sekkar, kan ein sjølv sprette sekken og tøme den i container utan ekstra kostnad. Om kunden ikkje ønskjer å sprette sekken sjølv, vil det tilkome ein kostnad per sekk som blir kasta.

Sekkane du skal bruke, er heilt vanlege, transparente søppelsekkar utan SSR-trykk. Vi sel slike på miljøstasjonane, men du kan også kjøpe dei på andre butikkar til ein billig penge.

Vi beklagar ulempa dette måtte medføre, men ser dette som eit nødvendig tiltak for sikkerheit og miljø. Liknande retningslinjer er også innført i fleire andre regionar i landet

Pris per svart/ikkje-transparent sekk som ikkje er spretta/opna: kr 50 eks. mva (kr 62,50 inkl. mva).