Saman tek vi vare på ressursane

Ryddeaksjonar

jente som rydder strand

 

Kvar vår i april/mai organiserer og koordinerer SSR ryddeaksjonar i nærmiljøet i dei fire kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.

SSR har to ulike ryddeaksjonar:

1. Rydding i gater og offentlege plassar til 17-mai.

2. Strandrydding - rydding av marint avfall på dei lokale strendene i kommunane.

SSR deler ut sekkar og tek imot avfallet gratis i ein avgrensa periode. Vi tilbyr også henting av ryddeavfall på ein opplyst dato.

Bli med på dugnaden for eit finare og ryddigare nærmiljø!

Strandryddedagen lokalt 2015

Det er samla inn dobbelt så mykje avfall frå strandlinja i dei fire kommunane Hareid, Ulstein, Sande og Herøy under Strandryddedagen i år samanlikna med i fjor! Cirka 29 kilometer strandlinje er rydda og heile 5690 kilo avfall er registrert på SSR sine vekter.

Det er svært gledeleg at så mange bidreg i miljødugnaden og er med å rydde. SSR har registrert totalt 33 strandryddeaksjonar; 15 i Ulstein kommune, 8 i Sande kommune, 7 i Herøy kommune og 3 i Hareid kommune. Både privatpersonar, barnehagar, skular, verksemder, lag og organisasjonar har vore med på ryddedugnaden.

SSR takkar alle involverte for innsatsen og inviterer til ny dugnad våren 2017!

Grovavfall på Kvamsøy og Sandsøy

Kvar vår har vi innhenting av grovavfall på Kvamsøy og Sandsøy. Datoar og tidspunkt blir publisert i god tid både på nettsidene, Facebook og i Vestlandsnytt.