Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Vindauge

Vi tek imot alle typar vindauge på miljøstasjonane våre, både PCB-haldige vindauge, klorparfinerte vindauge og vindauge utan PCB/klorparafinar. Du må levere heile ruta, også karmen.

Mesteparten av isolerglas produsert ca. 1965–1975 inneheld miljøgifta PCB i forseglinga.
Også vindauge som inneheld klorparafiner skal leverast som farleg avfall. Desse vindauga blei produsert mellom 1975-1990.

På metallista mellom glaslaga finn du som regel påstempla produksjonsår/-dato og kven som har produsert vindauget. Finn du ikkje årstallet, men har mistanke om innhald av PCB/klorparafiner, vil vi hjelpe å vurdere om vindauget inneheld PCB/klorparafiner og skal leverast som farleg avfall.

Det er gratis for private å levere vindauge med PCB/klorparafiner. Obs! Vindauga må ikkje knusast!

Vindauge utan PCB/klorparafiner har grovavfallspris.

Vindauge må ikkje kastast i glas- og metallemballasjecontainer.

Vindauge

Ja

  • Vindauge med PCB
  • Vindauge med PCB og klorparfin
  • Vindauge/dør med bly

Nei

  • Ingen restriksjonar