Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Hageavfall

Du kan levere hageavfall på miljøstasjonen på Mjølstadneset (Herøy) og på greinavfallsplassen på Eidet (Hareid og Ulstein). Når greinavfallsplassen ikkje er open, kan du levere hageavfall på miljøstasjonen i Saunesmarka i opningstid (til dømes om vinteren).

Du kan levere inntil 250 kg per lass sortert gras, blad, greiner og stammar inntil 25 cm i diameter kostnadsfritt. Leveranse over 250 kilo per lass, er definert som næring og kostar kr 1,13 per kilo overskytande.

Greiner og trestammar over 25 cm i diameter, røter, gråmasse (mold, aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kr 1,13 per kilo inkl. mva. frå fyrste kilo. Næring kan ikkje levere røter og gråmasse. Vi ber næringkundar ta kontakt med ein entreprenør som kan ta hand om denne type avfall.

Ja

  • Gras
  • Greiner
  • Lauv
  • Mose
  • Nedfallsfrukt

Nei

  • Blanda gras og greiner (mot betaling)
  • Røter (mot betaling)
  • Steinar (mot betaling)
  • Trestammar (over 25 cm i diameter mot betaling)
  • Treverk og treplankar