Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Matkastebord på Matfestivalen i Ålesund

aug 25, 2016, 09:15 f.m. by Linn Urke Osnes
SSR er saman med VØR, Årim og Framtiden i våre hender på Matfestivalen i Ålesund med eit matkastebord som illustrerer kor mykje mat kvar enkelt av oss kastar i løpet av eit år.

Matfestivalen i Ålesund er i gang. I eit telt midt i gågata viser Framtiden i våre hender kor mykje mat, som kunne ha vore eten, det gjennomsnittsnordmannen kastar kvart einaste år. Det dreiar seg om 46,3 kilo. Kvart femte handlenett med mat går rett i avfallsdunken.

Trass i regn på opningsdagen, var det folksomt i gågata onsdag. Mange stoppa opp ved teltet der Framtiden i våre hender, i nært samarbeid med dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre - Årim, SSR og VØR, har lagt 46,3 kilo med fullt brukbare matvarer utover eit stort bord for å illustrere kor ille dette er.

Framtiden i våre hender stiller med tre medarbeidarar, Elisabeth Riise Jenssen, Kristin Føyn Føyen og Jenny Kviberg. Dei tre har til oppgåve å fortelje forbipasserande at det verken er bra eller berekraftig at så mykje mat vert kasta.

Dei gav også enkle råd for korleis folk skal klare å kjæpe inn ikkje meir mat enn dei treng i kvardagen, og dermed slik at dei slepp å kaste mat.

Det vart servert smakspræver på mat som har gått ut på dato, og folk fekk delta i quiz for å teste sine kunnskaper på området.

Standen som viser kor mykje brukbar mat vi kastar kvart år, fanga også media si interesse, og både NRK Møre og Romsdal og Sunnmærsposten var innom på opningsdagen.

Besøkande på stand
Forbipasserande fekk smake ost og kjeks som var "utgått på dato" og fekk erfare at "best før" ikkje er dårleg etter.