Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ny greinplass opnar 10. juni på Eidet

jun 8, 2015, 11:41 f.m. by Linn Urke Osnes

bilde av hageavfall

Den nye greinplassen på Eidet opnar 10. juni, og greinplassane på Hareid og i Saunesmarka blir då stengde.

Grunna forureining og misbruk må SSR ha inngjerda greinplass med opningstider.

Opningstidene for den nye greinplassen på Eidet er mandag, onsdag og torsdag kl. 12.00 – 19.30 i sommarhalvåret (1. mai – 31. oktober). Greinplassen på Eidet vil ha laurdagsope  13. og 20. juni, 8. og 22. august, 5. og 19. september og 17. oktober (kl. 10.00- 14.00).

Når greinplassen på Eidet er stengt, vil ein kunne levere hageavfall  inne på miljøstasjonen i Saunesmarka i opningstid. Her kan ein også levere hageavfall i vinterhalvåret (1.november – 30. april). Opningstidene for miljøstasjonen i Saunesmarka er kl. 10.00 – 17.30 mandag- torsdag, og fredag 08.00 – 15.00.

Greinplassen er i utgangspunktet for hushaldningskundar, men næring kan levere mot betaling etter avtale. Definisjon på næring vil vere alle bilar med firmalogo. Det vil ikkje vere høve for næring å levere hageavfall på vegne av privatpersonar vederlagsfritt.

Gras og greiner er inkludert i gebyret for hushaldningskundane. Trestammer over 25 cm. i diameter og røter kr 100,- pr. kubikk.