Saman tek vi vare på ressursane

Mjølkekartongen til Hanne var vinnarlodd

6. mars 2020 av Andrea Øien Sæverud

Ti sekund med tusjen gav ti tusen kroner i gevinst.

- Eg har skrive namn og nummer på kartongane så lenge eg kan hugse. Det var foreldra mine som lærte meg det, fortel Hanne Garnes frå Fosnavåg.

Ho var eigentleg usikker på om ho skulle gidde å halde fram med å skrive på namn og nummer, men gjorde det likevel. Det viste seg å vere lurt. For plutseleg kom telefonen frå SSR om at ho hadde vunne i returkartonglotteriet.

Loddet Hanne vann 10.000 kroner med var ein enkeltkartong. Det går an å vinne både på heile kubbar og enkeltkartongar, men for å ha sjans på storpremiane på 100.000 må ein delta med ein heil kubbe. Les meir om reglane for deltaking til slutt i saka.

Gevinsten skal Hanne truleg spare til ein ferietur i sommar, saman med dottera på to år. 

- Det er veldig morsomt å vinne på denne måten. Eg vil absolutt oppmode andre til å skrive på namn og nummer, for eg har ei kjensle av at det er ganske mange som ikkje gjer det, seier Hanne Garnes.

Stor vinnarsjanse

Og det har ho heilt rett i. Dei siste åra har det vore ein nedgang i kor mange som deltek i Returkartonglotteriet, fortel Andrea Øien Sæverud som er kommunikasjonsansvarleg i SSR.

- Når vi skal leite etter kartongar og kubbar i papirhaugen vår, må vi ofte leite lenge for å finne ein med namn og telefonnummer, fortel ho.

Vinnarsjansane er altså ganske stor, om ein gjer ein liten innsats for å forvandle kartongane om til eit lodd. I fjor hadde vi to 10.000-kroners-vinnarar i SSR-området, ein mjølkedrikkande moltufamilie og ein heldig herøyværing. 

Kvar år blir det trekt ut 124 vinnarar over heile landet som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Å levere ein kartongkubbe med seks kartongar stappa inn i ein sjuande, kan i beste fall gi ein gevinst på 100.000 kroner. Ein tilleggsgevinst til alle som deltek, er at det blir betre plass i papirdunken.

Miljøet trekk lengste strået

Å gjenvinne brukte kartongar, krev langt mindre energi enn å produsere papir frå nytt trevirke. Miljøet står derfor igjen som den verkelege vinnaren når folk leverer kartongane til resirkulering.

- Drikkekartongar er laga av såkalla jomfruelege fiber, som vil seie at det er første gongen materialet er i bruk. Når desse blir resirkulerte, har fibra i ein innlevert drikkekartong i alle fall sju nye liv framføre seg, til dømes som pizzaøskjer, fortel Sæverud.

Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:

1012

Dette er Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner.

  • Enkeltkartongar kan vere med i trekkinga om 10.000 kroner.

  • Alle typar drikkekartong kan delta, ikkje berre mjølkekartongar.

  • For å vinne 100.000 kroner må eit lodd bestå av minst seks tomme og skylte drikkekartongar som blir bretta ned i den sjuande drikkekartongen. Dette utgjer ein kubbe. For skulemjølkkartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte.

  • Deltakaren skriv namn og telefonnummer på den dei vil skal vinne på kartongen, og legg denne i den papirdunken. Ein kubbe utgjer eitt lodd.