Saman tek vi vare på ressursane

Miljøkommunikasjon

SSR har som mål å vere ei leiande lokal miljøbedrift med brei kompetanse innan miljøfaglege spørsmål. Vi ønskjer at både privatpersonar, skular, barnehagar, verksemder, organisasjonar og andre skal oppleve SSR som ein ressurs det er naturleg å kontakte for miljøfagleg informarsjon og samarbeid.

SSR ønskjer å vere tilgjengeleg og synlege i form av standar på lokale arrangement, undervisningsopplegg for barn og unge, informasjonsmøter og foredrag. Vi er også alltid opne for gode idèar!

Linn Urke Osnes er kommunikasjonsansvarleg i SSR, og tek gjerne imot besøk både på SSR sine anlegg eller kjem ut og held informasjon og kommunikasjonsopplegg om renovasjon, kjeldesortering og andre miljørelaterte tema som SSR har kompetanse i.

Ta kontakt med Linn på 70007050 eller linn@reinhaldsverket.no
SSR med stand på Smak av Ulstein