Kva blir det til?
Glas
Eksempelprodukt:
Pastasausglas, vinflaske, syltetøyglas
Blir til:
Glasopor skumglass – vert nytta som lettfylling i vei og anlegg. Har svært gode isolerende og drenerende egenskapar.
Nytt emballasjeglass: Syltetøyglass, vinflasker og glass med pastasaus
Glava – isolasjonsmateriale
Metall
Eksempelprodukt Aluminium:
Makrell- i- tomatboks, leverposteiboks, aluminiumsfolie.
Kan bli til:
Nye makrell- i- tomat- og leverposteiboksar, sykkelramme, bildelar
Eksempelprodukt Stål:
Fiskebolleboks, maisboksar
Kan bli til:
Spikar og skruar, verktøy, stålkonstruksjonar i bygg
Kvar blir glas -og metallemballasjen sendt?
Innsamla glas -og metallemballasje endar på Onsøy utanfor Fredrikstad. Der driv dei eit av verdas mest moderne anlegg for sortering av råstoff frå glas -og metallemballasje. Resirkulert metall og aluminium går direkte til Norsk Gjenvinning AS, som sel og eksporterar dette til smelteverk i Norge og utlandet. Resirkulert glass blir brukt som råstoff til både Glasopor skumglass, Glava isolasjon og det blir eksportert til glassverk i Europa der det blir til nye glasprodukt. Glasopor skumglass blir produsert på Syklus sitt anlegg i Skjåk, av emballasjeglass frå mat -og drikkevarer.
Korleis blir metallet gjenvunne?
På mottaket blir glas- og metallemballasjen lagt på eit band. Ein magnet tek ut hermetikkboksar av stål. Aluminium som ikkje er magnetisk blir sortert via ein såkalla virvelstraumsmagnet. Stål og aluminium blir ført til kvar sine behaldarar og blir kverna opp. Glassbitar, papir og anna uønska materiale blir rensa ut. Deretter blir det sortert på nytt. Stålet blir pressa samen ein stad, aluminium ein anna stad. Etter sortering selgast aluminium og stål som råvarer på verdsmarknaden. Det blir til alle moglege produkt av stål og aluminium.
Glassemballasjen blir knust og gjennomlyst i ein stor maskin. Maskinen kan sortere glassbitane etter fargenyanser og knuse dei ned i ønska storleik. Lys leser fargen på kvar minste glasbit og sorterer slik innstillinga gir beskjed om. Råstoffet frå glassemballasjen blir selt til glassverk som smeltar det om til ny glasemballasje. Råstoffet kan også bli brukt til å lage isolasjon til hus, isolerande materiale til vegbygging og byggjeblokker.