Foto. Lastebil med klo henter bildekk.

Dekk

Du kan levere dekk på miljøstasjonane våre. Det er gratis å levere dekk og felg separat. Om dekk og felg heng saman, kostar det kr 145,- inkl m.v.a. per dekk.
 

Kva blir det til?

  • Underlag for vegar
  • Støyvoller mot vegar og busetnad
  • Store anleggsdekk går til bryggefendarar langs kysten. Vi har for lite slike dekk, og må derfor supplere med anleggsdekk frå Sverige for å dekke etterspørselen.

Kvar blir dekka sendt? 

Kasserte dekk vert henta av RagnSells AS, eller innleigde transportørar i distrikt landet rundt. Dei hentar dekk frå ca. 4.000 henteplasser, herunder 2 på Svalbard. Innsamla dekk frå Finnmark, Troms og Nordland vert køyrt til sementfabrikken i Kjøpsvik der hovedmottaksplassen for Nord-Norge ligg. Innsamla kasserte dekk frå resten av landet vert køyrd til hovedmottaksanlegget for Sør- Norge som ligg på Skjerkøya i Bamblefjorden i Telemark.

Korleis vert dekk gjenvunne?

Dekka vert kverna til granulat av forskjellig storleik avhengig av kva dei skal brukast til.
 

Kilder: Dekkretur



Visste du at…?

Spania la i 2007/08 heile 50 km motorvei med gummiasfalt.
Det går ca. 25 slitebanar til ein standard sprengningsmatte på 5×6 meter.
Pr. kunstgressbane går det med ca. 100 tonn gummigranulat, det tilsvarer 140 tonn kasserte dekk.