Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Sesongopning på greinplassen

apr 18, 2023, 14:24 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Frå og med måndag 24. april kan du levere hageavfallet ditt på Eidet. 

 

Opningstidene på greinplassen er: 

Måndag - torsdag: 12.00 - 19.30

Fredag: 08.00 - 15.00 

Dette kan du levere:

Gras, blad, greiner og stammar inntil 25 cm i diameter kan du som privatkunde levere kostnadsfritt.

Greiner og trestammar over 25 cm i diameter, røter, gråmasse (mold, aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kr 1,25 per kilo frå fyrste kilo.

Firmabilar, lastebilar og traktorar er rekna som næringskundar og av desse er vi plikta til å ta betalt frå første kilo. Her kan du lese meir om hageavfall

 

Vi minner også om at plassen framfor porten ikkje kan nyttast som parkeringsplass medan greinplassen er open.

 

Velkomen!