Saman tek vi vare på ressursane

Miljøstasjonane til SSR

Det avfallet du ikkje får henta, kan du levere på ein av våre miljøstasjonar. Klikk her for å sjå kva du kan levere gratis og kva du må betale for. Lista gjeld berre for hushaldningskundar. Du kan betale med bankkort på alle miljøstasjonane til SSR. I Herøy (Mjølstadneset) og Sande (Myklebustmyrane) har vi ikkje vekslepengar, men du kan betale med akkurat beløp eller kort.

Næringskundar må ha fullmakt for levering av avfall mot ettersending av faktura; dette må ordnast på førehand. Sjå eiga side med skjema her. Næring kan også betale med kort på staden. Dersom ei bedrift ønskjer å betale med kort på staden, treng ein ikkje fullmakt.

NB: Ein kan berre levere asbest/eternitt på miljøstasjonen i Saunesmarka, ikkje i Myklebustmyrane eller Mjølstadneset. Sjå informasjon om korleis du pakkar asbest/eternitt før levering her.

Vi oppmodar alle om å levere brukbare gjenstandar som møblar, lampar, bøker og liknande til bruktbutikkar, loppemarknadar, eller prøve å gi dei vekk/selje på bytte-kjøp-sal sider på internett.

Saunesmarka (Ulstein og Hareid)

Adresse: Smårisevadet 20, 6065 Ulsteinvik

Opningstider:
Man-tors: 10.00-17.30
Fredag: 08.00-15.00

Oversikt over laurdagsopne dagar og stengde dagar finn du her: Spesielle opningstider på miljøstasjonane

Kart Saunesmarka

 

Vis større kart
 

Greinplassen på Eidet (sesongope)

Det er sesongope på Eidet - sjå denne lenka for å sjekke om det er opna for sesongen: Spesielle opningstider på miljøstasjonane

Vi minner om at det er mogleg å levere hageavfall på miljøstasjonen når greinplassen på Eidet er stengt.

Opningstider i sesong:
Man-tors: 12.00-19.30
Fredag: 08.00-15.00


 

Kart Eidet greinplass

 

Mjølstadneset (Herøy)

Adresse: Mjølstadnesvegen 13, 6092 Fosnavåg

Opningstider:
Man- tors: 12.00- 19.00
fredag: 08.00- 15.00 

Kart Mjølstadneset

Myklebustmyrane (Sande)

Adresse: Myklebust 223, 6082 Gursken

 Opningstider:
Tirs: 14.00-19.00 
Torsd: 14.00-19.00

Kart Myklebustmyrane

Prisar på miljøstasjonen

Her finn du ei oversikt over kva som er gratis å levere og kva du må betale for. Lista gjeld berre for hushaldning.

Renovatør Jon Ove