Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Plastemballasje

Plastemballasjen må vere rein og tørr før du leverer den i den blanke retursekken for plastemballasje. Plastemballasjesekken set du ut på hentedag saman med dunkane dine. Plasser gjerne sekken mellom dunkane eller ha plastretursekken opp i papirdunken. Ikkje knyt plastretursekken fast i dunken.

Skyl skiten plast i kaldt vatn og la den tørke før du legg plastemballasjen i retursekken. Om du ikkje får plasten rein med kaldt vatn og børste, gjer den betre nytte i restavfallet.

Plastemballasje

Ja

  • Blomsterpotte i plast
  • Bobleplast
  • Bæreposar
  • Deodorantar i plast
  • Kaffeposar
  • Ostepakkar
  • Plastfolie
  • Plastinnpakning
  • Potetgullposar
  • Rømmebeger
  • Sjampoflasker
  • Suppeposar
  • Vaskemiddelflasker
  • Yoghurtbeger

Nei

  • Hageslangar
  • Isopor/EPS
  • Pennar og tusjar
  • Plastbøtter
  • Plastdekketøy
  • Plastleiker
  • Plastmøblar
  • Skiten plast
  • Tome malingsspann
  • Tome oljekanner