Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Papp og papir

I papirdunken (blådunken) kan du ha både papp, papir og tome drikkekartongar. Pass på at papiret er reint og utan matrestar.

Restavfall i papiret øydelegg kvaliteten på resten av det innsamla papiret. Dersom du er usikker på om papiret høyrer heime i papirdunken, er det betre å kaste det i restavfallsdunken.

Skyl og tørk kartongane og merk dei med namn og nummer, og du er automatisk med i trekninga av store pengepremiar! Enkeltkartongar med namn og nummer kan gi ein gevinst på kr 10.000. Brettar du minst 6 kartongar og stappar dei inn i ein sjuande, kan du vinne den store premien på kr 100.000. Valet er ditt!   

Papp og papir

Ja

  • Aviser
  • Bøker med mjuk perm
  • Bølgepapp
  • Drikkekartongar
  • Konvoluttar
  • Pappøskjer
  • Pizzaøskjer
  • Vekeblad

Nei

  • Bakepapir
  • Bøker med perm
  • Glansa innpakningspapir
  • Matpapir
  • Sandpapir
  • Serviettar
  • Suppeposar
  • Tilgrisa papir
  • Tørkepapir
  • Våtserviettar