Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Matavfall

SSR startar med sortering av matavfall i den første sona 23. november 2018.

Etter denne vert innført i kvar sone skal ein nytte dei små grøne matavfallsposane og dunken med brune lok til matavfall. Det går også fint å bruke vanlege handlenett til matavfallet. Familiar med bleiebarn kan levere bleiebøtteposar i matavfallsdunken. Meir informasjon om når ordninga vert innført for di sone finn du under Ny avfallsordning.

Dei som ikkje enda har fått dunk til matavfall kan kaste matavfall i restavfallet (grøn dunk). Hugs å ha restavfall i posar og knyt dei godt igjen før du har dei i dunken.
SSR har også heimekomposteringsordning for dei som ønskjer. Du kan lese meir om dette under fana Din renovasjon.

Ja

  • Bananskal
  • Barnebleier (vert utsortert på biogassanlegget)
  • Brødrestar
  • Eggeskal
  • Epleskrottar
  • Kaffefilter
  • Kaffigrut
  • Middagsrestar
  • Serviettar
  • Skrell
  • Teposar
  • Tørkepapir

Nei

  • Batteri
  • Glas- og metallemballasje
  • Hundebæsj
  • Kartong
  • Kattesand
  • Lyspærer
  • Lysrør
  • Plastemballasje