Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Drikkekartongar

Drikkekartongar vert samla inn i papirdunken (blådunken) saman med papp og papir.

Skyl og tørk kartongane og merk dei med namn og nummer, og du er automatisk med i trekninga av store pengepremiar! Frå 1. januar 2017 er kvar enkelt kartong eit lodd. Enkeltkartongar med namn og nummer kan gi ein gevinst på kr 10.000. Brettar du minst 6 kartongar og stappar dei inn i ein sjuande, kan du vinne den store premien på kr 100.000. Valet er ditt!   

Ja

  • Drikkeyoghurtkartongar
  • Juicekartongar
  • Kartong for knuste tomatar
  • Kartong for sausar
  • Kremfløytekartongar
  • Mjølkekartongar

Nei

  • Skitne kartongar