Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Batteri

Alle batteri, frå ørsmå batteri i klokker og høyreapparat, til vanlege eingongsbatteri og store naudstraumsbatteri, skal leverast inn til gjenvinning. Forhandlarar har plikt til å ta i mot brukte batteri av same type som dei sel gratis. Batteri kan også leverast inn på gjenvinningstasjonar som anten batteri eller farleg avfall.

Lever alle batteri til ein miljøstasjon eller til innsamlingspunkt som er plassert ut for eksempel ved daglegvarebutikkar eller gjenbruksbutikkar.

Nokre batteri er miljøskadelege og inneheld anten kadmium, kvikksølv, eller bly. Slike batteri er merka med ein avfallsdunk med kryss over, i tillegg til symbolet for eit av dei tre tungmetalla: Cd (kadmium),Hg (kvikksølv) eller Pb (bly).

Ja

  • Alle typar batteri

Nei

  • Lyspærer
  • Lysrør
  • Småelektrisk