Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ny ordning for farleg avfall i ytre Sande

des 8, 2020, 07:56 f.m. by Andrea Øien Sæverud

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS ser seg nøydde til å hente inn konteinarane for farleg avfall på Kvamsøya og Sandsøya av omsyn til tryggleiken.

Årsaka er tydelege signal frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal om at oppbevaring av farleg avfall på denne måten er ulovleg og kan medføre ein vesentleg brann- og sikkerheitsrisiko.

- Det siste vi vil er at folk skal skade seg på grunn av desse oppsamlingspunkta for farleg avfall. Vi har kjent til at det har medført ein viss risiko, men for å oppretthalde eit populært tilbod blant innbyggjane har vi under sterk tvil likevel halde fram, forklarer kommunikasjonsansvarleg ved SSR Andrea Øien Sæverud.Andrea Sæverud SSR

Etter tilsynsrundar i bransjen, har andre selskap fått hard påpakning for risikoen ved tilsvarande lagring. SSR ser seg derfor nøydde til å hente inn konteinarane for godt så snart som mogleg.

- Omsynet til liv og helse skal alltid gå først, seier kommunikasjonsansvarleg ved SSR Andrea Øien Sæverud.

 

Godt samarbeid

Ho har full forståing for at tilbodet blir eit sakn for folk på øyane. Sæverud strekar under at dei har hatt eit veldig godt samarbeid med nærbutikkane om nøkkelutlevering. I tillegg har fleire lokale eldsjeler teke på seg eit ansvar for å halde orden i hyllene for å minke risikoen for at farlege stoff miksar seg, noko ho er veldig takksam for.

- Vi har tidlegare gått ut og åtvara om at det er viktig at avfallet blir sett frå seg i ordna former. Vi ser at folk har retta seg etter dette i litt varierande grad. No torer vi ikkje å halde fram med tilbodet lenger, då fylkesmannen peikar på at det er i strid med både Brann- og eksplosjonsvernlova, Avfallsforskrifta og Internkontrollforskrifta, seier Sæverud.

 

Farlegavfallboks2

Kvar husstand på øyane får eigen «farlegboks»

For å framleis legge til rette for at dei som bur på Kvamsøya og Sandsøya skal få kvitte seg med farleg avfall på ein enkel måte, vil SSR dele ut ein eigen raud boks for farleg avfall til kvar husstand.

- Det trur vi kan bli ein fin påminnar om å hugse å sortere ut avfall som inneheld miljøskadelege stoff. Samtidig lettar det leveringa. anten ein vil ta boksen med til miljøstasjonen, eller ta den med når vi kjem i mai og september for å hente med oss grovavfall, EE-avfall, metall, og frå no av også farleg avfall, seier Andrea Øien Sæverud i SSR.

På  grovavfallshentedagen kjem SSR framover til å ta med seg ei godkjent oppbevaringsløysing for farleg avfall for å sikre trygg frakt. SSR-tilsette med kompetanse på farleg avfall vil ta imot, sortere, plassere og frakte avfallet på ein sikker måte.

Den raude boksen vil bli leverte på døra til kvar enkelt husstand, saman med ein brosjyre om kva som er rekna som farleg avfall. Utdelinga av boksane og brosjyrene vil skje på nyåret. SSR minner samtidig om at for din eigen brannsikkerheit er det viktig å teipe polane på batteri og ikkje legge skada batteri ned i boksen saman med anna farleg avfall.