Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ryddeåret gav fangst på 16 tonn

nov 18, 2020, 09:12 f.m. by Andrea Øien Sæverud

16.250 kilo avfall har blitt plukka opp frå fjører og grøftekantar i dei fire SSR-kommunane til no i år. 

Det er ein kraftig nedgang frå året før, då frivillige hender samla inn nesten 35 tonn avfall gjennom små og store ryddeaksjonar.

På ein måte er det godt nytt at det kjem inn mindre eigarlaust avfall til oss, då det kan tolkast som at plast og anna rusk på avvege er i ferd med å minke. Men når ein er ute og ryddar, ser det likevel ikkje ut som om det er ein reell nedgang i forsøplinga. For det er framleis er mykje å ta av. Årsaka handlar truleg mest om ein redusert ryddeinnsats i det spesielle året 2020.

 

Virusdempar

Mange store ryddeaksjonar på vårparten blei nemleg avlyst på grunn av smitteverntiltak i samband med Covid-19-utbrotet. I  Hareid, Herøy, Sande og Ulstein fekk mange ivrige grendalag ikkje teke den årelege vårreingjeringa i lokalmiljøet sitt på grunn av koronarestriksjonar. Det er nok ein viktig del av forklaringa på at mengda strandryddeavfall er halvert frå året før.

Heldigvis har enkeltryddarar likevel fått henta inn ein god del. Fleire grendalag har i tillegg stilt opp til haustdugnad, og dermed fått hanka inn store mengder tauverk, isopor og plastkanner på avvege. 

 

alme1

 

Skular og barnehagar i front

Dei minste hendene er ein annan enormt viktigt bidragsytar til ryddinga. Ute i barnehagane og skulane blir det gjort eit fantastisk flott arbeid for å skape gode haldningar - og for å rydde opp etter dei som ikkje har forstått at vi faktisk berre har ein klode. 

Hundrevis av barnehagebarn og skuleelevar i området vårt gjorde ein stor innsats under årets TV-aksjon, som gjekk til WWF og kampen mot plast i havet. Resultatet blei både tonnevis med innsamla avfall lokalt og tusenvis av kroner for å hindre plastforsøpling globalt. 

-  Barn har ein eigen innebygd radar for kva som ikkje høyrer heime i naturen. Når eg er ute i skular og barnehagar for å snakke om marin forsøpling, merkar eg at dette er noko dei verkeleg bryr seg om. Vi som er vaksne i dag har mykje å lære av dei. Det er dessverre altfor lett å bli likegyldig til korleis vi behandlar naturen og havet rundt oss, seier kommunikasjonsansvarleg Andrea Øien Sæverud i SSR. 

 

170 i ein time

I Herøy samla bedriftene på Mjølstadneset seg til ein dugnad for å rydde i nærområdet sitt. Takka vere initiativet frå ein tilsett i MMC First Process og den frivillige organisasjonen Fallgard, fekk vi til eit godt samarbeid som resulterte i nesten fire tonn innsamla avfall på berre ein time. 

Det viser at det ikkje alltid trengst så mykje tid for å få gode resultat, når vi er mange som dreg lasset i lag. Dei åtte bedriftene på Mjølstadneset som stilte med ryddemannskap, har i ettertid sagt at dei ønskjer å gjere dette til ein årleg aksjon.

Aksjonar der Fallgard har vore med som støttespelar og tilretteleggar står elles for over ein tredel av det innsamla avfallet i år.

Vi er glade for det gode samarbeidet med alle frivillige, skular, barnehagar og bedrifter i området vårt når det gjeld marin forsøpling. Tusen takk for innsatsen i ryddeåret 2020 - saman tek vi vare på ressursane, havet og heimtraktene våre. 

strandrydd3