Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Strandryddeveka utsett til hausten

mar 30, 2020, 10:02 f.m. by Andrea Øien Sæverud

På grunn av smittefare er Strandryddeveka 2020 utsett til hausten.

Når våren kjem, leitar kvart år frivillige fram ryddesekkar og hanskar for å gjere ein innsats i fjøresteinane. Strandryddeveka har blitt den største kollektive ryddedugnaden i Noreg og skulle i år føregå frå 27. april til 2. mai.

Her i Herøy, Hareid, Sande og og Ulstein mobiliserer årleg hundrevis av innbyggjarar til rydding av det vakre nærområdet vårt gjennom grendalag, speidar og skular. Men på grunn av faren for smittespreiing av koronaviruset, har initiativtakaren Hold Norge Rent sett seg nøydde til å utsette aksjonen til hausten.

Hold Norge Rent rår samtidig folk til å ikkje strandrydde for fullt også utanom strandryddeveka akkurat no. Det handlar om at avfallsselskapa ikkje skal ikke belastast med å handtere avfall frå ryddeaksjonar i den noverande situasjonen. Den samfunnskritiske tenesta selskapa utfører ved å handtere anna avfall må ha prioritet, slik også styresmaktene tilrår.

Klør det i strandryddehanda?

strandryddesekkVi i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk kan derfor dessverre ikkje hjelpe til på same måte som tidlegare år med å køyre ut konteinarar og hente inn sekkar. Men dersom du har strandrydda litt på eiga hand, får du framleis levere sekkane på ein av miljøstasjonane våre. Samtidig som du leverer det du har rydda, ber vi deg om å sende eit bilde av sekkane til eit telefonnummer du får oppgitt på vekta, saman med namnet ditt og kvar du har rydda. Dette for å unngå det vanlege papirskjemaet og smittefaren det kan utgjere. 

Du kan også mellomlagre innsamla avfall på eiga hand dersom det er vanskeleg å få frakta det til oss. Då har du eit ansvar for å unngå at avfallet havnar på avvege på nytt og at lagringsplassen ikkje endar opp som ei villfylling. Skal du lagre noko på eit område som ikkje er ditt, må det vere avklara med grunneigar på førehand.

Vi leverer framleis ut gratis strandryddesekkar og hanskar på miljøstasjonane til dei som har behov for det. 

Haustrydding kan vere betre uansett

Korona eller ei, det finst likevel mange gode grunnar til å rydde om hausten. Fleire har allereie teke til orde for at Strandryddeveka burde leggast til denne tida på året permanent. Dette er nokre av argumenta frå Hold Norge Rent:

1. Hekkande fugl

Strandryddeveka går til vanleg føre seg midt i hekkeperioden. Det er derfor ein risiko for å forstyrre hekkande fugl mange stader. Det er derfor særleg bra for hekkande fugl å flytte ryddesesongen til hausten.

2. Rydding før vinteren kjem

Sommaren er dessverre høgsesong for forsøpling, og det er viktig å få rydda så mykje som mogleg før vinteren kjem. Avfall som blir liggande blir brote ned til mindre bitar og kan føre til blant anna mikroplast, som då blir vanskelegare å rydde når våren kjem.

3. Vêret

I dei nordlegaste fylka er det vanskeleg å gjennomføre Strandryddeveka om våren på grunn av is og snø.

Sjølv om haustvêret kan vere ustabilt, er det ofte betre ryddevêr om hausten fleire stader i landet, og det gjer at endå fleire kan bidra i dugnaden.

 

Tusen takk for ryddeinnsatsen din, både tidlegare og i framtida.