Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Fjørene har blitt 35 tonn finare

nov 22, 2019, 13:49 e.m. by Andrea Øien Sæverud

Piano, dinosaur, isopor og sneipar, er litt av det som folk har plukka opp frå strandkanten i år.

Å ta med seg ein strandryddesekk for å rydde opp det som ikkje høyrer heime i havet og naturen vår, har heldigvis blitt ein populær aktivitet. I 2019 har innbyggjarane i Hareid, Ulstein, Herøy og Sande plukka med seg heile 35 tonn med avfall på avvege. Det viser ferske tal frå Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR).

- Grendalag, skuleklasser, speidarar, bedrifter og andre eldsjeler gjer ein enormt viktig jobb når dei tek med seg strandryddesekkar og går ut for å plukke opp plast som har skylt i land på strendene våre, seier kommunikasjonsansvarleg Andrea Øien Sæverud i SSR.

 

Ned i vekt
alme Samalikna med 2018, blei det plukka rundt fire tonn mindre plast og anna avfall i år. Det betyr ikkje nødvendigvis at dugnadsinnsatsen har gått ned. Litt av forklaringa kan vere at mange av dei store, tunge tinga som kanskje har lege i eit område lenge, har blitt plukka opp tidlegare år. Men å få med seg småbitane er vel så krevjande.

- Litt av utfordringa med plast som blir liggande ute over tid, er at han smuldrar opp i stadig mindre bitar som er vanskelege og tidkrevjande å plukke opp. Når vi er ute og ryddar, dukkar det stadig opp jordsmonn som ser ut som om det er dekt av konfetti, med tusenvis av små plastbitar og isoporkuler i, fortel Sæverud.

 

På med brillene
strandrydding

Eit område kan sjå idyllisk ut på avstand, men når ein kjem nærmare og får på seg «plastbrillene», så ser ein plutseleg alt som ikkje eigentleg høyrer heime der. Det gjeld både om ein står i fjøresteinane ut mot storhavet, eller langs strandlinja inn mot ein fjord. Sæverud er svært imponert over alle dei lokale kvardagsheltane som tek ansvar i kampen mot marin forsøpling.

- For kvar strandryddesekk eller konteinar som kjem inn på anlegget vårt, blir nærområdet eitt hakk finare. Eg er så glad for den store dugnadsinnsatsen som blir lagt ned. Det er verkeleg ei gåve til oss alle som bur her.

 

500 elevar
strandrydde

Over 500 elevar i SSR-kommunane har i år brukt ein skuledag på strandrydding. Då har gjerne Andrea Øien Sæverud først vore inne i klasserommet og undervist om marin forsøpling. Ho synest det er flott at skulane brukar tid på å la elevane sjå med eigne auge korleis det står til med havet vårt. 

- Har du først vore med på strandrydding, så kjem du truleg aldri til å bidra til forsøplinga.

 

 

Dette er litt av det folk fann:
  • Piano
  • Bilseterygg
  • Dolok
  • Fiskestong
  • Sofaputer
  • Isopor
  • Q-tips
  • Lighterar
  • Flasker
  • Kanner
  • Peparkakeboks
  • Ketchupflaske
  • Uidentifiserte plastbitar
  • Brøytestikker
  • Røyr
  • Korkar
  • Støvel
  • Sko
  • Dukkehovud
  • Tauverk
  • Dekk
  • Dinosaur
  • Sneipar
  • Garnkuler
  • Oljefat