Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Kva blir igjen i "grønedunken"?

mai 23, 2019, 14:45 by Andrea Øien Sæverud

Når folk får den nye matavfallsdunken til gards, dukkar spørsmålet ofte opp:

Kva blir igjen i restavfallet? 

 

Restavfall er det som er igjen når du har sortert ut alt som kan kjeldesorterast. Her kjem ei liste over typiske ting som ikkje går an å lage noko nytt av, og derfor høyrer heime i restavfallsdunken:

  • bomullspinnar / q-tips
  • bakepapir
  • matpapir
  • tablettbrett
  • plaster
  • blomsterbukettar
  • oske (godt innpakka)
  • kattesand og husdyrbæsj
  • cd-plater og videokasettar
  • sneipar
  • snus
  • pennar
  • støvsugarposar
  • tannkost / dokost / oppvaskbørste
  • take-away-emballasje i isopor
  • bind og tampongar
  • kondomar
  • glansa innpakningspapir
  • pakkeband
  • skiten plastemballasje som du ikkje får rein ved skyljing
  • plast som ikkje er emballasje
  • glas som ikkje er emballasje

Sjølv om det ikkje går an å resirkulere det du kastar i restavfallet, kan det likevel brukast til noko nyttig. Når posane dine med restavfall blir brende på Grautneset i Ålesund, blir energien brukt til å varme opp hus og kontor i området. 

Om du merkar at restavfallet ditt minkar, tyder det på at du enten er flink til å minimere avfallet ditt, og/eller at du er god til å kjeldesortere. Å kaste mindre, er noko av det mest miljøvenlege du kan gjere. 

Takk for at du sorterer!

PS: Vil du vite svaret på 10 spørsmål om matavfall? Trykk her!