Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

10 spørsmål og svar om matavfall

mai 22, 2019, 13:23 by Andrea Øien Sæverud

Å vite kva som faktisk skjer med det du sorterer, er viktig for motivasjonen. Her er nokre av dei vanlegaste spørsmåla og svara om matavfall. 

 

- Kva skjer med matavfallet etter at de har tømt dunken min?

Kvar veke sender vi tonnevis av matavfall til eit biogassanlegg ved Lillehammer. Først blir posane kverna opp, og matavfallet skilt ut. Deretter blir det kokt på 138 grader i minst 20 minutt. Så blir det lagt i rotnetankar, og det er her biogassen blir til. Når biogassen er produsert, sit ein igjen med ei fast masse som blir til ny jord og ei flytande masse som blir til gjødsel.Ved å sortere ut matavfallet, er du med på å skape tre nye, viktige produkt: biogass, jord og gjødsel. 

Les gjerne meir om prosessen her.

 

- Er det ikkje veldig lite miljøvenleg å måtte køyre matavfallet så langt?

Det finst dessverre ikkje noko biogassanlegg som ligg nærmare. Utrekningar viser at sjølv om transporten er lang, så går miljørekneskapet likevel i pluss på grunn av alle dei positive gevinstane ein får ved å lage biogass, gjødsel og jord av matavfallet. Biogassen erstattar fossilt drivstoff som diesel og bensin. Av eitt bananskal blir det produsert nok biogass til at ein bil kan køyre nesten 100 meter. 

Vi samkøyrer matavfallet frå våre kommunar med matavfallet frå Ørsta og Volda. Også kommunane i Ålesunds-regionen fraktar matavfallet sitt til det same anlegget. 

 

-Kvifor kan småbarnsforeldre kaster bleier i matavfallet?

Har ein prøvd å vere bleieskiftarbeidar, veit ein at det fort blir store avfallsmengder. For å gjere overgangen til restavfallshenting kvar 4. veke enklare, kan småbarnsforeldre derfor kaste bleiene i matavfallsdunken. Det går med unødvendig store mengder plast dersom du brukar ein pose per bleie, så du kan fint bruke både vanlege handlenett og bleiebøtteposar. På biogassanlegget blir bleiene sorterte ut (maskinelt!). 

Har du god plass i restavfallsdunken, er det veldig greitt å kaste bleiene der. Det er der dei formelt sett høyrer heime.

 

- Kvifor kan eg kaste heile teposen i matavfallet sjølv om han inneheld ein metallstift?

 På biogassanlegget blir matavfallet sendt forbi ein supersterk magnet som skal trekkje ut alt av metall. Denne magneten er så sterk at han klarer å fjerne stiften frå ein tepose.

 

- Kvifor kan eg kaste tørkepapir og serviettar i matavfallet?

Tørkepapir og serviettar er laga av cellulose, som er eit naturmateriale. Dette blir lett brote ned på biogassanlegget. Planterestar og blomsterbukettar derimot, blir ikkje brote ned like lett, og skal derfor kastast i restavfallet eller som hageavfall på miljøstasjonen. Ein del av planterestar og blomsterbukettar inneheld også sprøytemiddel og kjemikaliar som vi ikkje vil ha med når anlegget skal lage ny jord og gjødsel. 

 

 - Kvifor er dei grøne posane laga  av resirkulert plast, og ikkje av eit nedbrytbart materiale?

Slike nedbrytbare bioposar, har vist seg å ikkje fungere optimalt, verken for forbrukaren eller biogassanlegget. Det er mildt sagt kjedeleg om botnen i posen har blotna opp og rivnar i gangen det du skal bere han ut i dunken. I sjølve biogassanlegget har dei nedbrytbare posane vist seg å oppføre seg nærmast som tyggis i maskineriet. Anlegget har derfor sagt at dei ikkje vil ta imot slike posar.

 matavfall  

- Er det ikkje ein risiko for at det kjem mikroplast i jorda og gjødselet sidan dei grøne posane er laga av plast?

Biogassanlegget er veldig obs på denne problemstillinga og skal innføre eit ekstra filter i utsorteringsprosessen nettopp for å vere på den sikre sida. Det blir teke prøver fire gonger i året av den ferdige jorda og gjødselet, for å vere sikker på at ein har god kontroll på kva den inneheld. 

Anlegget følgjer gjødselvareforskrifta som seier at ei gjødselvare kan maks innehalde 5% forureining. Gjødselvareforskrifta sett også krav til at partiklar ikkje skal vere over 4mm. Prøvene til no viser 0,18 prosent  forureining, altså langt under krava om 5%. Desse 0,18 prosenta inneheld både sand, glas, stein og anna grums i tillegg til ein risiko for nanoplast. Dagens teknologi ved anlegget fangar opp mikroplasten, men nanoplast kan dei ikkje garantere. Ved neste prøve skal dei teste for nivået av nanoplast.

 

- Kan eg bruke vanlege handlenett til matavfallet?

Jepp, det går fint. Posane blir ikkje optisk sorterte, det betyr at alle posane som blir leverte i matavfallsdunken vil bli tekne inn på anlegget, ikkje berre dei grøne.

 

IMG_1976 

- Kva gjer eg dersom eg går tom for grøne posar?

Då tek du ein av dei siste grøne posane og knyter på handtaket på matavfallsdunken din. Dette er eit signal til renovatørane våre om at dei skal legge igjen ein ny rull til deg. Det same kan du gjere også med ein vanleg plastpose eller brødpose på den blå papirdunken, dersom det er plastemballasjesekkar du manglar.

Både matavfallsposar og plastemballasjesekkar kan du elles hente fleire av på alle miljøstasjonane våre. 

 

- Kva skal eg kaste i matavfallsposen? 

Her kjem ei lita liste over kva du kan ha i posen - og etterpå ei liste over kva du ikkje skal kaste som matavfall: 

JA TAKK:

  • Bananskal
  • Barnebleier (blir utsorterte på biogassanlegget)
  • Bein
  • Brødrestar
  • Eggeskal
  • Epleskrottar
  • Kaffefilter
  • Kaffigrut
  • Middagsrestar
  • Serviettar
  • Skrell
  • Teposar
  • Tørkepapir

NEI TAKK:

  • Oske (restavfall)
  • Hundebæsj
  • Kattesand
  • Blomsterbukettar
  • Batteri
  • Glas- og metallemballasje
  • Pappkartong
  • Lyspærer
  • Plastemballasje

 

 

Står ikkje svaret på det du lurer på her?

Ta kontakt med oss på firmapost@reinhaldsverket.no eller gjennom meldingsfunksjonen på Facebook.