Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Sorter deg gjennom jula

des 17, 2018, 07:17 f.m. by Andrea Øien Sæverud

No i jula omgir vi oss med ein del ting som vi ikkje brukar elles i året. Her kjem ei oversikt over kvar du skal kaste typisk juleavfall.

Adventskalender: Har du eller barna dine hatt sjokoladekalender frå butikken? Då kan du ta han frå kvarandre, kaste papirdelen i papirdunken og plasten i plastsekken. Adventskalendrar i papp kan du legge i papirdunken.

Telys: Brukte telys kan du samle opp heime og ta med neste gong du skal kaste noko i glas- og metalligloen. Då sikrar du at aluminium, som er ein viktig ressurs, blir brukt om igjen. Berre hugs å fjerne veiken.

Julekort: Desse kan du hive i papirdunken – om du ikkje vil ta vare på dei som gode minne.

Merkelappar til/frå: Er det vanlege papirlappar, kan du kaste dei i papirdunken.

Gåvepapir: Glansa, tynt julegåvepapir inneheld store mengder leire og fargestoff, og lite papirfiber. Glansa gåvepapir kan derfor ikkje gjenvinnast til nytt papir, men blir forbrent som restavfall og dermed gjenvunne til lys og varme.

Gråpapir: Gråpapir med eller utan farge og mønster (kraftpapir, resirkulert papir, naturpapir) kan du sortere saman med anna papir. Dette har ein kvalitet som gjer at det kan brukast om igjen.

Gåveband: Band, tau, hyssing, tape, isoporkuler og anna gåvepynt kan du kaste i restavfallet, eller ta vare på til julegåvene neste år.

Bobleplast: Putt i plastsekken, så kan det bli til nye plastprodukt!

Bakepapir: Restavfall, då det ikkje kan brukast til å lage nytt papir.

Fenalår/lammelår: Desse beina er så store at det er vanskeleg å få nytte av dei som matavfall i biogassanlegget. Du kan derfor kaste dei i restavfall.

Ribbefeitt: Matavfall. La steikebrettet stå til det blir kaldt etter at ribba er steikt (eller pinnekjøtet har trekt). Skrap av feittet og legg det i matavfallet. Ikkje hell feitt eller olje i do! Det kan øydeleggje dyre avløpssystem og trekkjer til seg rotter. Dersom den nye ordninga med matavfall ikkje har starta der du bur, kan du trygt kaste ribbefeittet i restavfallet.

Blomsterbukettar: Restavfall. Vi vil ikkje ha noko som har giftstoff i seg i matavfallet, då det blir laga biogjødsel av matrestane dine. Biogjødsel blir brukt til å dyrke ny mat og tek vare på den verdifulle fosforen som er i matavfallet. Planterestar, kvistar, grus og jord er vanskeleg å bryte ned, så slike ting vil vi heller ikkje ha inn i biogassanlegget

Snø-/ glitterspray: Desse sprayboksane inneheld drivgass og blir derfor sorterte som farleg avfall. Du kan samle opp tomme sprayboksar heime og levere gratis til din nærmaste miljøstasjon.

Adventsstakar, -stjerner og lyslenker: EE-avfall. Lever gratis på miljøstasjonen eller i ein butikk som sel slike produkt. Dette gjeld alle slags elektriske dingsar, som hårfønar eller leiker som tek kvelden.Uansett kor stor eller liten elektronikken er, kan han innehalde gassar, oljer eller andre miljøgifter. Lever derfor alt inn til gjenvinning.

Vednett/juletrenett: Restavfall. Nettet rundt juletre og vednett kastar du i restavfallet. Sjølv om det kan sjå ut som plast, skal det ikkje hivast saman med plastemballasjen. Desse netta kan skape problem i sorteringa vidare og blir heller ikkje materialgjenvunne. Løknetta derimot, som er rundt løken du kjøper i butikken, kan fint kastast i plastavfallet.

Oske: Vent i over eitt døgn til ho er heilt avkjølt, pakk inn i to godt knytte handlenett. Renovatørane våre kan få etseskader dersom oska er pakka dårleg inn.

Batteri og lyspærer/rør: I juletida brukar vi meir batteri og lyspærer enn elles. Det er lurt å samle dette på ein praktisk stad, gjerne i ein eigen boks. Alle butikkar som sel batteri og lyspærer skal ta i mot desse gratis og sende til gjenvinning. Du kan også levere gratis på miljøstasjonen.

Batteri inneheld framleis energi når dei er oppbrukte og skal ikkje kastast i restavfallet. Fleire typar batteri inneheld også materiale som kan brukast på nytt i nye produkt. Ved å levere dei til gjenvinning, er du med på å sikre at miljøskadelege stoff frå batteria ikkje slepp ut i naturen.

Isopor: Fått isopor til jul? Rein isopor kan du levere gratis på miljøstasjonen. Den tidlegare ordninga der du kunne putte isoporen i plastsekkar og sette ved sidan av dunken din, gjeld ikkje lenger. Resten av plasten i bilen blei forureina av småperler av isopor, så det blei vanskeleg å gjenvinne den. Grønt punkt, som tek imot plastavfallet vårt, sette derfor ned foten for den gamle ordninga.

På miljøstasjonen har vi ei presse som smeltar og komprimerer isoporen. Den hardpakka isoporen blir gjenvunne til blant anna fiskekasser. Har du små mengder med isopor, går det greitt å bryte den opp i småbitar og putte i restavfallet.

Fyrverkeri: Brukt fyrverkeri kastar du i restavfallet. Ubrukt fyrverkeri kan du levere tilbake til ein butikk som sel fyrverkeri. Hugs: Ta med deg fyrverkerirestar etter oppskyting slik at dei ikkje forsøplar naturen.

Øydelagd julepynt: Restavfall, også om pynten er laga av plast. Plastsekken skal berre innehalde plastemballasje.

Kunstig juletre: Lever som grovavfall på miljøstasjonen. 

Juletre: Når juletreet har gjort si teneste, kan du levere det gratis som hageavfall på din nærmaste miljøstasjon. Då får det sjansen til å gi meir lys og varme som fyringsflis i sitt neste liv.

TAKK for at du sorterer!