Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ny rutine for utlevering plastrullar

aug 23, 2018, 13:21 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Frå 1. september 2018 vert det endring i rutinene ved utlevering av plastrullar.
Det vil ikkje lengre vere mogeleg å bestille via skjema på nettsida vår, og det vert ikkje levert på dør som tidlegare.

Når du er tom for plastsekkar kan du knyte ein plastpose på papirdunken din.
Dette er ein beskjed til renovatør om at du treng nye sekkar. Dei vil då legge igjen ein rull med plastemballasjesekkar til deg.
Treng du to, knyt du to posar på dunken din.

Hugs å fjerne posen når du har fått nye sekkar.

På nokre ruter er det mange som har behov for rullar, og renovatørane kan gå tome på vegen.
Lat posen vere på til du har fått utdelt rullen/rullane.

Ein kan også hente ny rull på våre miljøstasjonar.

Tanken med dette er at utleveringa vert betre tilpassa abonnenten sitt forbruk og at ein på denne måten unngår oppsamling av rullar.