Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ny vinnar i Returkartonglotteriet!

mai 31, 2017, 08:02 f.m. by Linn Urke Osnes

Vinnarlykka held fram for dei som er med på Returkartonglotteriet hos SSR! No var det Blåtinden barnehage avdeling Bærtua som var heldige vinnarar av 10.000 kroner!

Både borna og dei vaksne var glade for premien og pengane skal dei nytte til sanseromet på avdelinga.

Bærtua er ei miljøbevisst avdeling, og kjeldesortering er godt innarbeidd. I tillegg skal dei no til å kompostere alt matavfall og dyrke grønsaker og urter med den gode jorda dei får. Barnehagen er opptatt av at borna skal ha god, næringsrik og heimelaga mat, og ved å kompostere og dyrke grønsaker får også borna eit nært forhold til matproduksjonen og matlaginga.

SSR gratulerer med premien og ønskjer Bærtua lukke til med miljøprosjekta sine!

På biletet ser vi pedagog Cecilie Hole og Julian Løvoll frå Blåtinden barnehage avdeling Bærtua.