Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

17. mai rydding

apr 20, 2017, 08:22 by Linn Urke Osnes

Det er vår og snart 17. mai, og mange ønskjer å rydde gater, grender, leikeplassar, parkar og andre felleområde slik det blir fint og reint!

I perioden fredag 21. april - mandag 8. mai deler vi ut raude ryddesekkar på miljøstasjonane og på servicetorga i kommunane.

I denne perioden kan de levere ryddeavfall frå fellsområde gratis på ein av våre miljøstasjonar.

Om de ikkje har høve å frakte avfallet til miljøstasjonen, kan de bestille henting av avfallet til mandag 8. mai. Denne dagen køyrer vi rundt i kommunane med krokbil og hentar opp ryddeavfall. Bestill henting innan torsdag 4. mai til Linn Urke Osnes linn@reinhaldsverket.no/70007050

Ta kontakt med Linn for spørsmål om ryddeaksjonen.

Load more comments
comment-avatar