Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Greinplassen opnar mandag 3. april

mar 30, 2017, 11:57 by Linn Urke Osnes

Måndag 3. april opnar greinplassen på Eidet for sesongen. Vinterløysinga med levering av greiner på miljøstasjonen i Saunesmarka har vore flittig brukt, men no er våren i anmarsj og folk er klare for vårrydding i hagane sine. Vi oppmodar kundane om å nytte greinplassen på Eidet frå måndag 3. april.

I 2016 var det levert inn 1900 tonn med gras og greiner til SSR, så vi ser fram til mange besøk på Eidet sommarhalvåret. Det blir ope på Eidet kvar kvardag og nokre laurdagar. Greinplassen på Eidet er open til 1. november.

Opningstider:

Mandag - torsdag 12.00 - 19.30

Fredag 0800-1500

Laurdagsopne dagar (klokka 12.00 - 16.00):

Laurdag 29. april
Laurdag 13. mai
Laurdag 27. mai
Laurdag 17. juni
Laurdag 1. juli
Laurdag 26. august
Laurdag 9. september
Laurdag 23. september
Laurdag 21. oktober

Load more comments
comment-avatar