Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Loppisfunn

okt 11, 2016, 14:32 e.m. by Linn Urke Osnes

Oktober er er månaden for Sunnmøre Folkehøgskule sin store loppemarknad, men kva skal ein eigentleg leite etter på loppemarknad?

Det kan vere utfordrande å sjå skattane innimellom alle tinga som er å finne på ein lopppemarknad. Det er viktig å ta seg god tid og gjerne gå fleire runder for å oppdage skattane.

Det er også lurt å ha ein ide om kva ein er på jakt etter slik at ein ikkje endar opp med mykje som ein eigentleg ikkje ønskjer eller har bruk for.

På loppemarknad kan ein også finne ting som med litt restaurering og litt kreative hender får nytt liv. Sjå gjerne etter møblar som kan bli flotte med eit strøk maling eller nytt trekk.

Under har vi samla nokre flotte ting som du kan vere heldig å finne på loppemarknad. Til inspirasjon når du skal ut på skattejakt!

 

 Platespelar

Platespelarar er ofte faste innslag på loppemarknadar.
Foto: ljudia.no

 

stol

Enkle pinnestolar er ofte å finne på loppemarknadar. Med eit strøk måling kan stolar i ulike former og fasongar bli fine og fargerike innslag i heimen din.
Foto: jotun.no

 

vasar

Glasvasar i ulike fargar, former og storleikar!
monapaamova.blogg.no

bolle

Bollar, fat og kjelar frå Cathrineholm er loppisfunn som er sjeldne men førekjem.
Foto: smileull.typepad.no