Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Vi kastar nesten ikkje mat

aug 26, 2016, 11:46 f.m. by Linn Urke Osnes
- Vi kastar nesten ikkje mat, fortel pensjonistekteparet Olga Støylen Runde og Gunder Runde frå Ulsteinvik.

- Vi kastar nesten ikkje mat, fortel pensjonistekteparet Olga Støylen Runde og Gunder Runde frå Ulsteinvik.

Dei var torsdag innom standen som Framtiden i våre hender, i samarbeid med dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre - Årim, SSR og VØR, har i gågata i samaband med Matfestivalen 2016.

Overraska. Då dei fekk sjå all maten som Framtiden i våre hender har lagt utover det store bordet, og som er like mykje som gjennomsnittsnordmannen kastar av fullt brukbar mat kvart einaste år, vart dei overraska:

- Er det verkeleg så ille, at vi i gjennomsnitt årleg kastar 46,3 kilo mat som kunne ha vore eten?

Et restemat. Olga og Gunder, som begge har vore lærarar ved Ulstein vidaregåande skule og no nyt pensjonistlivet, fortel at dei er svært bevisste på å ete opp restar.

Dei lagar porsjonar som ikkje er større enn det dei treng vere. Målet er at minst mogleg skal vere til overs når måltidet er ferdig.

- Og skulle det vere at vi løyver mat, tek vi vare på det. Middagsrestar for to dagar vert lett ein ny middag, fortel dei og legg til at dei ofte lagar det som vert kalla sluring, og som er matrestar som vert krydra og steikt forsiktig på steikepanna. Særleg fisk eignar seg godt.
- Det var bestemor på Runde som lærte oss dette, fortel Olga.

Skjer av mygl. Brød er den type mat som det vert kasta aller mest av.

Olga og Gunder fortel at dei ikkje kastar brød berre fordi der er litt mygl på.

- Då berre skjer vi at litt på kantane og har brødskivene i brødristaren. Men vi byd ikkje slikt brød fram til gjester, seier dei.

Halv potet. - Men kastar de ikkje mat i det heile?

- Det hender vel at vi kastar ein banan av og til, eller ei halv potet. Men alt i alt er det svært lite mat som hamnar i avfallsdunken heime hos oss, seier dei to.