Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Vakkert festbord av glas- og metallemballasje

aug 17, 2016, 12:47 e.m. by Linn Urke Osnes
Glas- og metallemballasje er strålande utgangspunkt for å dekke eit vakkert sommarbord til sommarfesten!

Glas- og metallemballasje er strålande utgangspunkt for å dekke eit vakkert sommarbord til sommarfesten! 


Du kan sleppe fantasien laus og dekorerere glas, flasker og boksar med spraymaling, perler, skjell, blonder og band.

Vi har gjort det enkelt og nytta hobbyspraylakk i kobbarfarge og bokstavtannhjul som utgangspunkt. Og sjølvsagt mykje blomster frå hagen!

Vi fann metallboksar i ulike storleikar som vi spraya i kobbarfargen. Disse nytta vi som vasar saman med glasflasker og store sylteglas. Boksane kan du også nytte til servering av snacks.

Som drikkeglas nytta vi småglas i ulike storleikar (babymat-glas og tacosaus-glas er fine) og skreiv ut namnelappar på bokstavtannhjul til alle gjestane. Enkelt og dekorativt!

Lukke til med sommarfesten og god sommar!