Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Potetkaker av restepoteter

aug 17, 2016, 09:58 f.m. by Linn Urke Osnes

Har du potetrestar etter middagen, er det ypperleg råvare til potetkaker! Potetkaker er gode til det meste; med sirup, til pølser, spekemat og laks for å nemne noko. Potetkaker blir lett ein favoritt for store og små! 


Her er ei enkel oppskrift på potetkaker:

1/2 kg kokte, skrelte poteter
1/2 ts salt
ca 1 1/2 dl mjøl (kveitemjøl eller 1 dl rugmjøl + 1/2 dl byggmjøl
eller 1/2 dl kveitemjøl + 1/2 dl rugmjøl + 1/2 dl byggmjøl

1. Mos potetene saman med saltet.
2. Avkjøl massen.
3. Elt inn mjøl.
4. Del deigen i emne.
5. Kjevl ut til tre millimeter tjukke leivar, omtrent 15 centimeter i diameter.
6. Steik leivane i tørr steikjepanne. (For å prøve om steikjepanna er varm nok, kan du leggje litt mjøl i ho. Dersom det blir lysebrunt etter eitt minutt, er panna passe varm.)
7. Snu lompene fleire gonger under steikinga. Dei skal vere mjuke med lysebrune flekkar.

Bon appetit!