Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Familien Øvrebøe Røyseth om økologisk og etisk handel

apr 4, 2016, 09:01 f.m. by Linn Urke Osnes

familie med to barn
Trude Antonie Øvrebøe og Werner Røyseth med borna Vårin og Vetle i huset sitt i Eiksund.
Foto: Sandra Isabell Aasen

Familien Øvrebøe Røyseth har teke eit bevisst val i forhold til kva varer dei kjøper. Dei prøver, så langt det let seg gjere, å handle økologisk og etisk produserte varer. Elles handlar dei også gjerne brukte varer der dei kan. SSR fekk stille familien nokre spørsmål om kva dei er opptekne av når dei skal handle mat og andre varer.

1.       Kva er de opptatt av når de handlar mat, og kvifor? 

Der vi får valet, er vi opptatt av å velge den maten som er reinast. Det er fleire parameter dette kan målast på t.d økologisk/uøkologisk, lokale varer/importerte varer. Målet er at vi skal vere med å påvirke utvalet i butikkane i rett retning gjennom kva vi handlar. Vi meiner at rett retning er å velge varer som ikkje bidreg til å utarme anten jorda eller helsa til dei som er med på å produsere maten vår, samt at grønsaker, frukt, korn og kjøt (varene) ikkje inneheld gift frå sprøyting. Økologiske varer blir dyrka utan kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel. Vi skulle gjerne sett meir av norsk økologisk mat, så då får vi prøve etter beste evne å halde førespurnaden oppe. Når utvalet ikkje er på topp tenkjer vi også sesongvarer. Småfe som er slakta etter ei tid på sommarbeite etc. Vi et også mykje kvit fisk som ikkje er frå oppdrett. Det blir kjøpt lite med av fisk frå merer og konvensjonell kylling med oss, både med tanke på miljø og dyrehold.

2.       Kva er viktig for dykk når de handlar klede, sko og ting?

Vi kjøper brukte kvalitetsvarer der dette er hensiktsmessig, som f.eks tripp-trapp stolar til borna. Det er ein stor sjans for at desse stolane kan få nye eigarar når vi er ferdig med dei om fleire år. Vi prøver å kjøpe varer som har lang levetid og handle mindre på impuls. Det finnast ofte klede som er merka med økologisk/berekraftig i butikkane og vi vel gjerne det alternativet. Ellers går det mykje i gjenbruk, vi har til og med gjenbrukshus! Det er ein balansegong... vi har til dømes to bilar, vi kunne vel greid oss med ein med litt innsats.

3.       Korleis fekk de eit bevisst forhold til økologiske varer?

Fyrst, Økologisk er ein merkelapp på det som er produsert under strengare miljø/etikk-krav enn det konvensjonelle. Ideellt så burde dei økologiske varene sleppe å ha eit særnamn knytt til seg. Kva om du gjekk i butikken og såg to rader med jordbær, der den eine var merka med "jordbær", den andre med "sprøyta jordbær"? Det er dette som er verkelegheita bak varene vi finn i butikkane. Bevisstheita kom gradvis gjennom både media og vidare gjennom bøker vi har lest, og eit ønskje om å ikkje berre "meine" noko men å også prøve å leve livet meir i tråd etter kva vi oppfattar som rett. Ei form for sjølvrealisering kanskje, sjølv om det er tanken på kva som er best for "alle" som ligg til grunn.

Werner vaks opp på gard på Hareid, og ved å sjå dyr frå fødsel til dei blei sendt av garde med slaktebilen, har nok dette påverka til at han ønskjer å støtte jordbruk som behandlar dyra godt. Eg er godt klar over at det er mange bønder som produserer flotte, reine produkt med godt dyrehald utan at desse er Debio-sertifiserte. Og dette er noko ein kan halde kontroll på sjølv med gårdar eller bønder ein kjenner til i nærleiken, eller om ein brukar mykje tid på research. Ikkje alle har tid eller lyst til å gå så djupt i dette. I butikken er Ø-merket det sikraste teiknet på at varene du kjøper er produsert etter dei strengaste krava når det gjeld etikk, miljø og helse. 

4.       Er det vanskeleg å handle økologisk og etisk?

Sidan vi for alvor starta å reindyrke dette når vi fekk born for eit par år sidan, har det heldigvis gått i rett retning. Det er mykje enklare i dag. Der er fleire økologiske varer tilgjengelig i butikkane, og seinast for eit par veker sidan sa Rema-Reitan at dei skal vekse på økologiske varer. Dei skal ta eit midlertidig tap på å presse ned prisen, slik at kundane handlar meir, og ein dermed får ned prisen sidan det går eit større volum.

Det er litt på denne måten vi tenkjer som hushaldning også. Vi kjøper varer som har ein høgre prislapp per i dag, for å vere med på at det skal bli fleire varer tilgjengeleg seinare, til ein pris som er likare dei såkalla vanlege varene. Men for mannen i gata, så ser det ut som det er ein veg å gå. Fortsatt står folk framfor melkedisken og kjøper ordinær mjølk frå det største meieret, i staden for økologisk mjølk som ei av dei største kjedene sel under eige varemerke - til ein billigare pris. Hadde folk visst forskjellen så ville dei kanskje valgt annleis.

5.       Kva tips har de til andre forbrukarar når det gjeld økologisk og etisk handel?

Som sagt tidligare, om vi tek eit felles løft på å velge økologisk og etterspør økologiske varer i butikkane, får vi forhåpentligvis eit større utval varer til ein pris som er likare den på konvensjonelle varer. Eg har stor forståing for at tomatar til 200% høgre pris enn vanlege tomatar er vanskeleg å velge, det er heldigvis ikkje slik i alle butikkar. Så sjå deg rundt når du handlar, om der fins eit økologisk alternativ? - om ikkje kan det hjelpe å spøre dei tilsette. Å handle lokale varer og sesongvarer er også eit godt alternativ. Ellers fins det resursar på nettet som oikos.no | rankabrand.org | framtiden.no