Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Problemer med Min Renovasjon-appen

jan 18, 2016, 14:05 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Vi har fått tilbakemelding frå Norkart som leverer tjenesta til appen Min Renovasjon om at fredag vart ein ny versjon lagt ut for iOS (Apple).

Det viser seg no diverre at ein del brukarar av appen ikkje får til å starte denne etter oppgradering til ny versjon. Dei har retta denne feilen og venter på at den nye versjonen skal publiserast på Appstore.
Ein kan kome rundt problemet ved å avinstallere og installere Min Renovasjon på nytt.

Andre opplever at dei ikkje får varsel av hentedag. Denne feilen har dei ikkje fått retta enda, men dei arbeidar for å få løyst dette.
Vi anbefalar at ein avsluttar appen og opnar denne på nytt dersom du ikkje har restarta appen sidan før nyttår.