Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ny mote av gamle klede

jan 4, 2016, 09:47 f.m. by Linn Urke Osnes
Redesign er eit stadig meir brukt begrep, og kjende damer som Jenny Skavlan og Charlotte Thorstvedt er gode ambassadørar for trenden. Å lage nye klede av brukte klede er ikkje berre trendy, men også bra for lommeboka og miljøet!

Redesign er rett og slett å gjere ubrukelege ting brukelege.

SSR har samla nokre gode tips til redesign frå ulike bloggarar. Vi håper du blir inspirert til å ta fram sysakene og lage nye skattar!

1. Lag ein stilig topp av ei gamal t-skjorte ved hjelp av ei saks! Tips henta frå Ingrid Tarres sin blogg
t-skjorte med frynser

2. Jenny Skavlan elskar enkle og kreative løysingar og pyntar gamle toppar, jakker og kjolar med tøyroser, naglar og perler. Her viser Jenny korleis du kan lage ein brusande blomsterkjole trinn for trinn. 
Jenny Skavland med brusande blomsterkjole
 
3. Lag ei stilig veske av gamle og slitte dongeribukser. Tipset er henta frå bloggen Kort og Søm
Dongeriveske

4. Har du t-skjorter som kanskje er litt for små? Finn fram gamle hekledukar eller blondegardiner og sy saman med ei t-skjorte du har liggande. Tipset er henta frå bloggen Trash To Couture
t-skjorte med hekleblonder

5. Det kryr av inspirasjon til redesign av barneklede på nettet. Vi fann ein favoritt frå BraWo Design henta frå bloggen Martines Univers.
Barnekjole med Kardemommebymotiv


Lukke til!