Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ruteendring jul og nyttår 2015/2016

des 17, 2015, 13:36 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
Grunna høgtid og køyring av fleire soner på ein dag vert det nokre forandringar med dagar og kva avfall som vert henta inn.

Usikker på kva sone du høyrer til? 
I menyen til venstre vel du kva kommune du bur i. Du vil då få eit kart som viser dei ulike sonene. Ved å trykke på den delen du bur i får du opp informasjon om sona.

Hareid kommune:

Sone 2 får henta restavfall den 22. desember.

Ulstein kommune:

Sone 3 får henta restavfall den 23. desember.
Sone 4 får henta restavfall den 22. desember istaden for den 24. desember.
Sone 5 får henta restavfall den 23. desember istaden for den 25. desember.

Herøy kommune:

Sone 7 får henta restavfall den 29. desember.
Sone 8 får henta restavfall den 30. desember.
Sone 10 får henta restavfall den 30. desember istaden for den 1. januar.

Sande kommune:

Sone 9 får henta restavfall den 29. desember istaden for 31. desember.
Sone 10
får henta restavfall den 30. desember istaden for den 1. januar.

NB! På grunn av høgtida er det kun restavfall som vert henta. Dette gjeld alle abonnentar som har henting desse dagane.