Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Melding om mindre endringar

sep 24, 2014, 13:45 by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

SSR – Melding om mindre endringar

 

24. september 2014  

 

  1. Bakgrunn: 

    Grunna utstrakt misbruk av dei to nemnde ordningane nedanfor, ser selskapet seg diverre nøydde til å gjere eit par mindre innstrammingar i rutinene.

    Vi beklagar sjølvsagt å måtte gjere desse endringane, og det er også synd at dei kjem av at eit  mindretal av kundar øydelegg for det store fleirtalet.

     

  2. Dei konkrete endringane:

Dei to mindre endringane er følgande:

 

  1. Kredittsalget på miljøstasjonane blir stoppa i løpet av kort tid.Dette vil m.a.o. seie at kundar ikkje kan levere inn betalbart avfall utan å betale for det på staden. Unntaket er verksemder som har skriftleg avtale med SSR om å få tilsendt faktura. Det er også ein betingelse at desse verksemdene har eige organisasjonsnummer og har gitt SSR eit signert fullmaktskjema med namn på dei som har løyve til å levere inn avfall for firmaet. Det vil bli gjennomført normal kredittvurdering av avtalekundane.

     

  2. Porten ved hovudkontoret / omlastestasjonen i Saunesmarka, Ulsteinvik, vil også innan kort tid halde stengt i den tida miljøstasjonen på området er stengt. Kontoret vil halde fram med same opningstider som før – kl. 08.00 til kl. 15.30 (med lunsjpause kl. 12.00 – 12.30), men porten vil altså vere stengd i kontortida når miljøstasjonen har stengt.

     

  3. Kundar som har ærend på hovudkontoret når porten er stengd, kan ringe
    telefon 70 00 70 50 for å få opna porten. Dette vil også bli skilta ved porten.

 

Begge desse tiltaka vil bli gjennomført i løpet av kort tid.  

 

Med helsing

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

Einar Heimdal