Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Kjeldesorteringskalender i posten no!

des 2, 2013, 12:20 by Gunhild Solberg


For 3. året på rad er kjeldesorteringskalenderen på veg ut til innbyggjarane i dei fire SSR-kommunane. Målet med kalenderen er å samle praktisk og god informasjon om SSR sine tenester samt å gi informasjon og tips om korleis ein kan gjere ein innsats for miljøet i kvardagen, seier Gunhild Solberg frå SSR. Kalenderen vert delt ut av Posten/Bring i løpet av veke 49. Vi oppmodar alle til å sjekke posten slik at kalenderen ikkje endar i bossdunken saman med reklamen.

Temaet for årets kalender er miljøfarleg avfall. Deler av avfallet frå hushaldningane inneheld stoff som kan vere skadelege for oss menneske og naturen. Det er difor viktig at vi leverer avfallet slik at det blir handsama på ein forsvarleg måte. I kalenderen gir vi tips om kva ein skal gjere med ulike typar miljøfarleg avfall. Det vil også vere ein nasjonal kampanje om miljøfarleg avfall i 2014.

I årets kalender har vi fått hjelp av sju dyktige miljødetektivar. Detektivane undersøker om vi sorterer rett og gir oss tips om korleis vi skal gjere det på rett måte. Dei fleste av detektivane er frå barnereyen i Dimna, samt at vi har fått hjelp av eit par andre dyktige miljødetektivar. Tusen takk for innsatsen i kalenderen, avsluttar Solberg.

Kalenderen kan du laste ned her.