Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Telysjakten 2013

sep 9, 2013, 12:57 by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

”Telysjakten” er ein konkurranse som gjev alle elevar frå 1.-7.klasse i barneskulen moglegheita til - på ein enkel og morosam måte - å lære seg meir om kretslaupstankegang, gjenvinning og korleis vi kan ta vare på jorda sine ressursar! For deg som er lærar kan konkurransen vere eit godt høve til å inkludere viktige og aktuelle tema i undervisninga.

Det kostar ikkje noko å være med i konkurransen, anna enn engasjement og oppfinnsomheit. Dessutan kan de vinne ein flott premie til heile klassa!

I fjor vart det samla inn  7 535 533 telyskoppar, det tilsvarar ca 1077 syklar!

Du finn meir informasjon og påmelding her.