Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Godkjende kompostbingar

jan 8, 2013, 12:56 by Lisa Liavåg
Vi har no klar lista over godkjende kompostbingar.


Vi har no klar lista over godkjende kompostbingar. Kriteria er at bingane skal vere så sikre at skadedyr ikkje kan kome inn i dei. Enkelte av bingane er og svanemerka. Når det gjeld dei som har halde på med kompostering over fleire år utan problem vil vi i kvart enkelt tilfelle kunne godkjenne bingar som ikkje er med på denne lista. For nybegynnerar som skal gå kurs hjå oss er det denne lista som gjeld.

 

Strø til å ha i kompostbingen blir å få kjøpe hjå SSR. Kurset vi skal arrangere vil gå over ein kveld, og blir trulig rett etter påske. Vi vil annonsere datoen her på sida så snart dette er klart. Fyl med for nærmare informasjon.


Ulshav sin kompostbinge i 3 ulike variantar

Kompostbinge med rustfri metallboks innvendig: Kroner 4690,-
Kompostbinge med galvanisert metallboks innvendig: Kroner 3690,-
Kompostbinge kledd med skadedyrsikker netting innvendig: Kroner 2990,-
(Med eller utan dør i front) Bingen rommar ca. 225 liter.

Binge kledd med netting kan leverast både med og utan dør/ laus front, også med delt frontdør.

Ulshav tilbyr og levering av bingen på aktuell adresse i SSR sitt henteområde. Frakt for levering på adresse i SSR sine kommunar Hareid, Ulstein, Sande og Herøy kroner 200,-( Tillegg for eventuelt ferje.)

Kompostbingane kan sjølvsagt leverast både i impregnert og ubehandla materiale, men ubehandla vil ha meir avgrensa levetid

Tlf: 700 18 2507 / 990 84 205 / 700 18 253
Mail:post@)ulshav.no


Grønne Johanna

 
  
"Grønne Johanna" er ein svanemerka kompostbehaldar i plast. Den er på 330 liter og har avtagbar isolasjon utanpå. Den kan bestillast frå Walby Promotion, tlf. 908 23 520.
Pris: 2.195 + frakt (ca. 400,-)


Myra varmkompostbinge

Myra varmkompostbinge er ein svanemerka kompostbehaldar i tre. Den rommar ca. 190 liter og har tømeluke i fronten. Kan bestillast frå Tremek AS, tlf 71 18 89 80.
Pris: 2900,- + frakt (ca. 400,-)

Jorakompost

 


Jorakompost er ein trommel i metall som fins i 3 ulike størrelsar, og som passar for 1, 2 og 3-4 husstandar. Kan bestillast frå Hegstad Lakk og Fritid, tlf. 971 35 704.
Pris: 125 liter 4490,- 270 liter 5990,- 400 liter 8990,- + frakt (ca. 400,-) 

Kompostbjørn

 

  
Kompostbjørn er ein svanemerka kompostbehaldar i plast på ca. 235 liter og passar for 1-2 hushaldningar. Kan bestillast frå Strømsberg Plast, tlf 64 80 29 00.
Pris: 4590,- + frakt (ca. 400) inkl. galvanisert greip og heilstøpt isolert innerlok.


Når ein skal velge kompostbinge er det lurt å velge ut i frå kor mange ein er i hustanden, ein stor binge krev jevnlig påfyll for at prosessen ikkje skal stoppe opp. Ein liten husstand bør difor ikke velge ein for stor kompostbinge.

Klikk her for å kome til sida om kompostering