Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ruteendring for henting av avfall i Herøy og Ulstein

des 17, 2012, 10:19 by Lisa Liavåg
Enkelte ruter i Herøy og Ulstein vil frå 1. januar 2013 få ny hentedag.

Enkelte ruter i Herøy og Ulstein vil frå 1. januar 2013 få ny hentedag. Bakgrunnen for endringa er at SSR ynskjer å tilpasse rutene slik at dei blir så effektive som mogleg. Endringane gjeld fylgjande ruter:

 

Ulstein

 

Halsen, Osneset, Osnesvegen 52-109 til Shell:

Avfallet ditt vil frå 01.01.2013 bli henta på onsdagar i partalsveker. Endringa gjeld både restavfall, plast og papir.

 





Varleitet, Saunesmarka og Saunes:

Avfallet ditt vil frå 01.01.2013 bli henta på fredagar i partalsveker. Endringa gjeld både restavfall, plast og papir.

Herøy

 

Moldtustranda og Sandvika:

Avfallet ditt vil frå 01.01.2013 bli henta på fredagar i oddetalsveker. Endringa gjeld både restavfall, plast og papir.




Har du SMS varsling? Hugs å melde deg inn på ny rute og melde deg ut av den gamle. Utmelding SMS: send SORTERE STOPP til 1963. Innmelding SMS på ny rute: send SORTERE 5 til 1963. 

Sjå og kjeldesorteringskalenderen du har fått i posten, og bruk denne som eit verktøy for å vere sikker på å hugse din nye hentedag.

 

Ved spørsmål kontakt oss i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk på tlf. 70 00 70 50 eller på firmapost@reinhaldsverket.no.