Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Heimekompostering

nov 30, 2012, 08:40 by Lisa Liavåg
SSR vil frå 1. januar 2013 tilby heimekompostering til alle våre abonnentar. Ordninga er frivillig.

SSR vil frå 1. januar 2013 tilby heimekompostering til alle våre abonnentar. Ordninga er frivillig, og dei som vel å vere med på dette får eit fråtrekk på renovasjonsgebyret på kr. 500,- pr. år. Det vert sett krav til den som skal kompostere i form av å ha godkjent kompostbinge og ved å delta på kurset SSR skal arrangere i heimekompostering. Alle som vil kompostere må signere ein avtale med SSR.

Kvifor kompostere?

SSR ynskjer å auke den delen av avfallet som skal gå til materialgjenvinning.  Ei ordning med heimekompostering er med på å bidra til dette. Heimekompostering er resirkuleirng av næringsstoff, og resultatet blir eit jordforbetringsmiddel i form av ferdig kompost.

Du får god hagejord.

Det er miljøvenleg.

Du vil på sikt spare på det økonomisk.

Mindre avfall i grønedunken.

Utstyr

Den som ynskjer å kompostere må sjølv skaffe seg kompostbinge. I tillegg til binge treng ein strø til å ha over det organiske avfallet, dette vil SSR kjøpe inn og selje vidare til abonnentane. To husstandar kan gå saman om å kjøpe ein binge, begge vil få reduksjon på renovasjonsgebyret. SSR vil på nyåret presentere ei liste over kvar ein kan få tak i godkjente kompostbingar. Vi jobbar med å finne leverandør i nærområdet. Fyl med her på nettsida for meir informasjon.