Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Kalenderen 2013

nov 29, 2012, 14:57 by Lisa Liavåg
Kjeldesorteringskalenderen for 2013 skal no vere komen fram til alle husstandane i Ulstein, Hareid, Sande og Herøy.

Kjeldesorteringskalenderen for 2013 skal no vere komen fram til alle husstandane i Ulstein, Hareid, Sande og Herøy. I kalenderen finn du informasjon om hentedagar, opningstider på miljøstasjonane og ein liten sorteringsguide, samt anna informasjon om SSR sine ordningar. Vår oppmoding er å henge opp kalenderen slik at du lett kan følgje med på kva for ein dag avfallet ditt vert henta, seier økonomi- og kommunikasjonsleiar i SSR, Gunhild Solberg.

Ny hentedag

Det er nokre få område som får ny hentedag frå 1. januar 2013. Årsaka til endringa er at vi ønskjer å gjere innhentinga av avfall endå meir effektiv, seier Solberg.

I Ulstein kommune får Halseneset, strekninga Osneset til Shell (Osnesvegen 52-109) no henting på onsdagar i staden for torsdagar. Saunesmarka, øvre og nedre Saunes (frå Strandkrysset til Sauneselva ved Amfi) og Varleite får henting av avfallet på fredagar i staden for torsdagar. I Herøy får Sandvika og Moltustranda ny hentedag. Her blir det henting på fredagar i staden for onsdagar frå 1. januar 2013.  Vi beklagar eventuelle utfordringar endringane gir abonnentane våre.

Skjulte skattar

Fokus i årets kalender er metall og metallemballasje. I kjellar, loft og skuffer ligg det gamle ting som har verdi. Ved å levere metallet og metallemballasjen til gjenvinning brukar vi mindre energi og sparer miljøet for utslepp. Ved å gjenvinne aluminium bruker ein til dømes berre 5% av energien det tek å lage aluminium frå jomfrueleg materiale.

Heimekompostering

SSR vil frå 1. januar 2013 tilby heimekompostering til alle våre abonnentar. Ordninga er frivillig, og dei som vel å vere med på dette får eit fråtrekk på renovasjonsgebyret på kr. 500,- pr. år. Det er fleire som har etterspurt ordninga og vi vonar at dette blir ei god ordning for dei som ønskjer å gjenvinne det organiske avfallet til god matjord, seier Solberg. I mars/april blir det arrangert eit kurs i kompostering for dei som ønskjer å vere med i ordninga. Alle som ønskjer å vere med i ordninga må ha ein godkjent kompostbinge. Vi arbeidar med å få klar ei liste med godkjente behaldarar, lista finn du på våre nettsider reinhaldsverket.no når den er klar. Alle som vil vere med i ordninga må signere ein avtale med SSR.

 Vi har fått gode tilbakemeldingar på fjorårets kalender og vi vonar at det også i år er mange som vil ha god nytte av kalenderen vi sender ut, avsluttar Solberg.

Klikk her for å kome til pdf-utgåva av kalenderane