Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ny vinnar i Returkartonglotteriet

nov 19, 2012, 13:34 by Lisa Liavåg
Oddhild Brandal vart nyleg trekt ut som vinnar av Returkartong- lotteriet. Dette er andre vinnaren i Herøy kommune i løpet av kort tid. Premien er på kroner 10.000

Oddhild Brandal vart nyleg trekt ut som vinnar av Returkartong-lotteriet. Dette er andre vinnaren i Herøy kommune i løpet av kort tid. Premien er på kroner 10.000.

 

Oddhild Brandal har levert drikkekartongar til gjenvinning i årevis. Der er difor ekstra kjekt at det vart ho som vann denne gongen. Oddhild er ei miljøbevisst dame, og ho ynskjer å oppmode alle om å vere med å skylje, brette og levere inn drikkekartongar til gjenvinning. Det er enkelt og fort gjort, og gjer ein stor innsats for miljøet. Når ein i tillegg kan vinne 10.000 kroner er dette ein ekstra motivasjonsfaktor for mange. For Oddhild sjølv har motivasjonen vore eit godt samvit og kjensla av å gjere noko godt for miljøet.

Ynskjer du å delta? Ta 6 reine og bretta kartongar og stapp dei ned i ein tom drikkekartong. Skriv på navn, adresse og telefonnummer og ha i blådunken/ papirinnsamlinga. Du er då med i trekninga.

Meir om Returkartonglotteriet

Alle kan delta og vinne i lotteriet, privatpersonar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande. Kvart år vert det delt ut premiar for tilsaman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og 4 premiar på 100.000 kroner.

6 tome og skylde drikkekartongar brettast ned i ein open kartong. Dette utgjer ein "kubbe". Korker og lok kan stikke over kanten. For skulemjølkkartongar gjeld fire tome oppi den femte. Deltakar skriv på navn og telefonnummer på den dei ynskjer skal vinne og leverer den i den kommunale innsamlingsordninga (blådunken for private hushaldningar). Kubbar vert trekt på 86 ulike stader over heile landet. Her vert det trekt mellom 1 og 7 kubbar avhengig av innbyggjartal, tilsaman maks. 188 kvart kvartal. Desse går vidare til nasjonal trekking.

Dette skjer med papiret

Utsortert drikkekartong vert pressa til ballar og selt til papirfabrikkar. Kartongane vert kverna opp og tilsett vatn. Papirfibera vert reinsa, tromla og pressa til nye papp- pg papirprodukt med minimal bruk av kjemikaliar. Papiret vert brukt til nye kartong som til dømes pizza- og cornflakes-esker. Innsamlingsmålet for drikkekartongar har så høg gjenvinningsgrad som mogleg, for på denne måten å redusere miljøavgifta.