Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Miljøskadelege lyspærer

okt 29, 2012, 11:24 by Lisa Liavåg
Alle typar lyspærer og lysrør inneheld miljøskadeleg stoff, og skal leverast som spesialavfall.

Frå 1. september i år har glødepærer vore forbudt i heile Europa. Det er ikkje lenger lovleg å produsere og importere denne typen pærer. Alternativet til dei gamle glødepærene er halogenpærer, sparepærer og LED-pærer. Miljøhensyn er grunnen til forbod mot dei gamle glødepærene.

 

Dei nye typane pærer inneheld likevel miljøskadelege stoff, til dømes inneheld lysrør og sparepærer kvikksølv. Desse må ikkje kastast i søpla, men leverast inn som elektronisk og farleg avfall ved miljøstasjonane. Dei som sel lyspærer og andre lys-kjelder er og pålagt å ta i mot denne typen produkt når dei har blitt til avfall.

Ei av miljøgiftene som fins i lyspærer er kvikksølv. Dette stoffet er svært giftig sjølv i små mengder, og kjem dette stoffet på avveie er vegen kort til at det når våre matkjelder. Kvikksølv er svært skadeleg for sentralnervesystemet og nyrene, og det kan gje fosterskader. Ved å returnere brukte lyspærer sparer du miljøet for både farlege utslepp og unødvendig ressursbruk. Lyspærene som vert innlevert som farleg avfall blir tekne hand om på ein trygg måte. Miljøgiftene vert tatt vekk og resten av lyspærene går til gjenvinning. Det er viktig å ikkje knuse lyspærene før innlevering, men å levere dei heile!

Alle lyskjelder vert i dag sendt til Nordic Recycling AB i Sverige. Dette selskapet har patenterte prosessar for effektiv gjenvinning av lyspærer og lysrør. Til Nordic Recycling kjem det trailerar døgnet rundt for å levere lyskjelder. På dette anlegget vert 3.800 tonn lysrør og lyspærer tekne hand om kvart år. Alle norske og svenske lyskjelder vert behandla her. Nordic Recycling har utvikla ein prosess basert på oksidasjon av kvikksølv for å unngå avdunsting. Prosessen inneber at 99,8 prosent av kvikksølvet vert fjerna frå lyskjeldene, og nesten alle delane kan gå til gjenvinning og bruk i nye produkt.