Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Nye plastsekkar

okt 25, 2012, 14:26 by Lisa Liavåg
SSR er no i gang med å levere ut nye plastsekkar til alle husstandar i Hareid, Ulstein, Herøy og Sande. Sekkane skal vere utlevert i løpet av hausten.

I løpet av hausten vil alle husstandar få utlevert ein rull med blanke plastsekkar, ein rull med oransje sekkar (7 stk.) og ein rull med bioposar.

 

Dei oransje sekkane er meint til restavfall som det ikkje vert plass til i grønedunken, og kan plasserast ved sidan av grønedunken på hentedag. Det er inga begrensing på kor mange ekstra sekkar ein kan setje ved sidan av grønedunken, men om ein brukar opp dei oransje sekkane og treng nye kostar dei 80 kroner pr. sekk. Dei oransje sekkane kan nyttast ut 2013.Om du er tom for gule sekkar no før jul kan du ta i bruk dei oransje allereie i 2012, men ver obs. på at dei gule plastsekkane som vi delte ut i fjor ikkje kan nyttast i 2013. Det lønner seg difor å fyrst bruke opp dei gule sekkane.

Dei blanke sekkane er meint til reingjort plastemballasje og plast. Desse sekkane er mulig å få meir av gratis om ein skulle gå tom. Husk å fylle sekken heilt full og knyte att før du set den ved sidan av blådunken på hentedag.

Bioposane er meint til matavfall som er illeluktande, til dømes rekeskal. Knyt posen godt att før du kastar den i grønedunken. Om du går tom for bioposar er desse å få kjøpt i enkelte daglegvareforretningar.