Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Vi sorterer meir!

sep 6, 2012, 12:20 by Ole Christian Synnes

Ei prognose viser ein reduksjon av innhaldet i grønedunken på ca 500 tonn i 2012 samanlikna med 2011.

Ei kraftig auke i innlevering av glas- og metallemballasje, stadig auke i innlevering av plastemballasje, auke i avfall til greinplassane og meir som blir levert inn til SSR sine miljøstasjonar.


Ei prognose viser ein reduksjon av innhaldet i grønedunken på ca 500 tonn i 2012 samanlikna med 2011. Det ser ut til å bli ei kraftig auke i innlevering av glas- og metallemballasje, stadig auke i innlevering av plastemballasje, auke i avfall til greinplassane og meir som blir levert inn til SSR sine miljøstasjonar. Dette er resultatet av dei store endringane som er gjennomført i SSR den siste tida.

Dette er ei veldig gledeleg utvikling for miljøet seier kommunikasjonsansvarleg i SSR, Gunhild Solberg. Det er også i tråd med SSR sine mål og nasjonale mål på avfall. Vi hadde aldri kome hit om ikkje abonnentane våre hadde vore fleksible og tilpassa seg dei nye ordningane. Abonnentane ga oss klare signal om at dei ønska meir kjeldesortering og betre opningstider på miljøstasjonane våre i kundeundersøkinga som blei gjennomført i 2011. Leiinga i SSR har svart med å utvide opningstidene og innføre sortering av plastemballasje. No arbeidar vi også med ei ordning for heimekompostering som vil vere klar i løpet av hausten. Redusert hentefrekvens på grønedunken har også hatt ei positiv utvikling på kor mykje av avfallet som blir sortert ut.

At vi har fått så rask effekt av dei ulike tiltaka er over all forventning seier Solberg. Takk til alle abonnentane som gjer ein viktig innsats heime på kjøkenet.