Saman tek vi vare på ressursane

Får vi til eit godt snøsamarbeid?

2. februar 2021 av Andrea Øien Sæverud

Om dunken din, brøyting og renovasjonsbilen:

Tre stykk som kan sette ein stoppar for kvarandre – eller samarbeide til det beste for alle. Vi håpar vi klarer det siste, men då treng vi di hjelp. Dei siste vekene har vi fått store mengder snø her på Ytre Søre Sunnmøre. Det gjer kvardagen lysare, men også meir strabasiøs.
 
Oppgåva vår er å tømme dunkane dine. Oppgåva di er å legge til rette for tømming. Oppgåva til dei som brøyter, er å legge til rette for god framkomst, både for køyrande og gåande.
 
Av og til står dunkane i vegen for dei som brøyter. Når snøplogen ikkje kjem seg fram, blir det også vanskeleg for renovasjonsbilen å kome seg fram. Vi ber deg derfor om å tenke deg litt ekstra godt om når du set ut dunkane, slik at alle får gjort jobben sin på best mogleg måte.

 

Dette kan du gjere for å hjelpe til:

  1. Set ut dunken før klokka 7.30 om morgonen på hentedagen i staden for kvelden før, dersom det er praktisk mogleg.
  2. Tenk over om dunken sperrar for trafikk. Måk gjerne fram ein eigen plass til dunkane dersom du har sjans til det.
  3. Pass på at dunken står slik at han ikkje blir gravlagd i ein brøytekant.
Vi er klar over at dette ikkje er like lett å få til overalt. Men om vi alle prøvar å gjere vårt for å gi dunken, brøytarane og renovasjonsbilen eit godt snøsamarbeid, kjem vi ganske langt. Tusen takk!

 

brøyting2