Saman tek vi vare på ressursane

Branninspeksjon på anlegget vårt i Saunesmarka

2. november 2020 av Andrea Øien Sæverud

14. oktober 2020 kom Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Hareid og Ulstein Brannvesen på inspeksjon på anlegget til Søre Sunnmøre Reinhaldsverk i Saunesmarka.

Tilsynet er ein del av ein landsomfattande aksjon som er sett i verk av Miljødirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Målet er å auke brannsikkerheita ved avfallsanlegg. Under tilsynet hos oss blei det funne seks avvik. Vi har no har starta arbeidet med å rette opp i desse.

Viktig søkjelys

I fjor på desse tider gav DSB ut ein rapport som viste at sidan 2016 har brannvesenet rykt ut til heile 165 brannar i avfallsanlegg. I dag er talet endå høgare. Brann er altså ei stor utfordring i bransjen, men heldigvis noko SSR har vore skåna for. Det har vi eit håp om å halde fram med.

 - Ein brann på anlegget vårt vil kunne gi store miljømessige og økonomiske konsekvensar. Vi er derfor glade for at styresmaktene no rettar søkjelyset på brannsikkerheit. Det er verdifullt med skjerpa krav og tilsyn som hjelper oss vidare på vegen mot ei sikrast mogleg handtering av avfallet, seier dagleg leiar i SSR Einar Heimdal.

I tilsynsrapporten frå fylkesmannen blir det streka under at rapporten dreier seg om avvik og merknader som blei avdekt under inspeksjonen og at rapporten ikkje gir ei fullstendig vurdering av tilstanden til miljøarbeidet eller miljøstatusen til verksemda.

brannrisiko2

Oppgradere risikovurderinga for brann

Avvik 1 viser til at om at sjølv om SSR har risikovurderingar og risikoanalyser, så er desse mangelfulle når det gjeld risikovurdering mot brann/ytre miljø. Det må også kome meir tydeleg fram kven som har ansvar for kva i ein beredsskapssituasjon.

Avvik 2 viser til at hallen for farleg avfall mangla eit skilt på utsida som viser at hallen inneheld farleg avfall. Fylkesmannen peikar på at alle fraksjonar er godt merkte med kva dei inneheld, men nokre manglar faremerkings-symbol.  Det blei også peika på at gassflasker må lagrast ståande.

Avvik 3 peikar på at SSR per dags dato ikkje har beredsskapsutstyr ved brann i litiumbatteri.

Vi gjennomfører årleg brannøvingar med evakuering, men i avvik 4 viser fylkesmannen til at det må gjennomførast fleire øvingar med legging av brannslangar og sløkking.

I avvik 5 blir det trekt fram at SSR må legge inn nabovarsling og varsel til fylkesmannen i varslingsrutinane.

Avvik 6 peikar på at vi må forbetre det eksisterande avvikssystemet vårt.

Godt utgangspunkt for vidare sikring

- Avvika i rapporten frå fylkesmannen blir tatt alvorleg både av administrasjonen og av styret, forsikrar styreleiar i SSR George Fulford. Han viser til at det er svært nyttig å få eit brann- og miljøfagleg blikk utanfrå på verksemda til SSR.

I tilsynsrapporten peikar fylkesmannen elles på at nesten alle bygga på anlegget til SSR i Saunesmarka er nye, noko som burde gi eit godt utgangspunkt for sikker handtering av avfallet.

- Alle dei seks pålegga vil bli retta innan fristen vi har fått fra fylkesmannen. Vi skal også halde fram det viktige informasjonsarbeidet ut mot innbyggjarane ved å formidle risikoen for branntilløp ved feilsortering av avfall, seier dagleg leiar Einar Heimdal.

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ved fleire spørsmål om saka, kan desse rettast til dagleg leiar Einar Heimdal (tlf. 916 89 015) eller styreleiar George H. Fulford (950 26 213).